Jåblom er ei plante i jåblomslekta i plantefamilien Celastraceae. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planta er fleirårig og kring 20 cm høg. Blada er snaue og hjarteforma med kvit prikk i spissen. Jåblom har snau stengel utan eller med eitt sitjande blad. Han har skålforma kvit blomster. Fem av mjølberarane er blitt til flika organ der kvar flik endar i ein gulgrøn glinsande kjertel. Planta blomstrar kring juli månad på grasmyr, enger, strandenger, mest på kalkrik grunn.

Jåblom finst gjennom heile Noreg. Han er funnen opp til 1750 m i Jotunheimen.

Kjelder

Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985. Denne artikkelen bygger på «Slåtterblomma» frå , den 9. januar 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Viltveksande plantar i Noreg Kategori:Jåblomslekta Kategori:Celastraceae