Jåblomslekta eller Parnassia er ei planteslekt i spolebuskfamilien. Ein art veks i Noreg, jåblom.
Slekta omfattar over 70 artar som veks på den nordlege halvkula. Dei er flerårige, urteaktige plantar, med stenglar, blad og blomar utan hår. Rotnettet er bygga opp over kraftige jordstenglar. Både i dei grunnstilte bladrosettane og i stengelblada er blada stilka og heile. Blomane er 5-talige og regelmessige med kvite, gulfarga eller grønlege kronblad. Fruktene er kapslar med mange frø.
Systematikk Jåblomslekta har historiske vore plassert i sildrefamilien (Saxifragaceae). I nyare tid har slekta vorte plassert i både spolebuskfamilien (Celastraceae) og i ein føreslått eigen familie, jåblomfamilien (Parnassiaceae).
Artar Norsk art: Jåblom (P. palustris)
Alfabetisk oversyn:
Kjelder
Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
Denne artikkelen bygger på «Herzblatt» frå , og «Parnassia» frå den 9. januar 2011.
Denne artikkelen bygger på «Leverurt-slægten» frå , og «Parnassia» frå den 22. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Planteslekter Kategori:Spolebuskfamilien