Martín Andrés Silva Leites () er ein uruguayansk fotballspelar som har spela som keeper for Vasco da Gama i den uruguayanske fotballigaen. Han har òg spelt for landslaget til Uruguay. Han vart seriemeister i Uruguay med Defensor Sporting i 2008 og i Paraguay med Olimpia i 2011.
Han debuterte for Uruguay sitt A-landslag 12. august 2009 i ein privatlandskamp borte mot Algerie. Han var med i Uruguay sin tropp til fotball-VM i 2010, men spelte ingen av kampane. I 2011 var han i troppen då Uruguay vann Copa América. Han vart kåra til årets keeper i Sør-Amerika i 2013.
Kategori:Uruguayanske fotballspelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2018