Stefan Kießling () er ein tysk tidlegare fotballspelar som spelte for Bayer Leverkusen i tysk Bundesliga i tida 2006-18. Midtspissen representerte Tyskland i 6 landskampar og vann ein bronsemedalje i Fotball-VM 2010.
Klubbspel Kießling spelte for FC Nürnberg frå 2003 til 2006. Sommaren 2006 vart han overført til Bayer Lerverkusen mot 6,5 millionar €. Han var med då Bayer tapte kampen om DFB-pokalen 2009 med O-1 mot Werder Bremen. Kießling var Bayer Leverkusen sin toppskårar i Bundesliga sesongane 2009/10, 2011/12, 2012/13 og 2013/14. 2012/13-sesongen skåra han 25 ligamål og vart toppskårar i Bundesligaen.
Landslagsspel Kießling debuterte for Tyskland sitt A-landslag 28. mars 2007 i ein privatlandskamp mot Danmark. Han var med i Tyskland si tropp til fotball-VM i 2010, der han kom inn som innbytar i to kampar, åttedelsfinalen mot England og bronsefinalen mot Uruguay. I alt deltok han i 6 landskampar, mellom anna var han innbytar då Tyskland tapte 0-1 mot Noreg i ein vennskapskamp 11. februar 2009 i Düsseldorf.
Merittar VM-bronse: 2010 for Tyskland Finalist DFB-pokalen: 2009 for Bayer Leverkusen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Stefan Kießling» frå , den 31. juli 2026.
eu-football
Kjelder eu-football
Kategori:Tyske fotballspelarar Kategori:Nürnberg-spelarar Kategori:Bayer Leverkusen-spelarar