John Powell () er ein britisk filmmusikkomponist.

Powell voks opp i London. Han tok fiolintimar som barn, og tok seinare til å studera ved Trinity College of Music. På fritida spelte han i fleire band. Etter college tok han til med å laga musikk for reklamefilmar. Slik kom han i kontakt med komponisten Patrick Doyle som han etter kvart vart assistent for.

Powell skreiv musikken til ein spelefilm for fyrste gong i 1990. I 1995 grunnla han ei eiga verksemd for filmmusikk i London; Independently Thinking Music. I 1997 flytte han til USA for å halda fram med filmmusikken.

Filmmusikk produsert av John Powell (utval)

Stay Lucky (1990) Face/Off (1997) Antz (1998) (med Harry Gregson-Williams) Endurance (1999) Flukten fra hønsegården (2000) (med Harry Gregson-Williams) Veien til El Dorado (2000) (med Hans Zimmer) Evolution (2001) I Am Sam (2001) Rat Race (2001) Shrek (2001) (med Harry Gregson-Williams) Hvem var Jason Bourne (2002) Two Weeks Notice (2002) Agent Cody Banks (2003) The Italian Job (2003) Gåten Jason Bourne (2004) Mr. & Mrs. Smith (2005) Robotene (2005) Istid 2 (2006) United 93 (2006) X-Men: The Last Stand (2006) Happy Feet (2006) Jason Bournes Ultimatum (2007) P.S. I Love You (2007) Horton redder en Hvem! (2008) Kung Fu Panda (med Hans Zimmer) (2008) Hancock (2008) Bolt (2008) Istid 3 - Dinosaurene kommer (2009) Dragetreneren (2010) Green Zone (2010) Knight and Day (2010) Mars Needs Moms! (2011) Rio (2011) Kung Fu Panda 2 (2011) Captain America: The First Avenger (2011) Happy Feet 2 (2011) Istid: Kontinentaldrift (2012)

kategori:Engelske filmmusikkomponistar Kategori:Musikarar frå London Kategori:Ivor Novello-prisvinnarar