Worcester er ein by i Worcester County i Massachusetts i USA ved Blackstone River. Han er kalla opp etter Worcester i England og har litt over 200 000 innbyggjarar og den nest største byen i New England.

Worcester ligg om lag 64 km vest for Boston. Byen er kjend som ein mølleby. Byen har maskin- metall-, våpen-, tekstil- og papirindustri, samt framstilling av ler- og glasprodukt. Han er sete for Clark University, som vart grunnlagd i 1887, og har fleire høgskular og museum.

Byen var eit viktig senter for motstanden mot slavehald på 1800-talet. Ein årleg musikkfestival, som har eksistert sidan 1858, vert halden her kvar oktober.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Massachusetts Kategori:Busetnader grunnlagde i 1673