Ilmenitt (titanjernstein) er eit mineral som ofte dannar metalliske, svarte korn i mange magmatiske bergartar. Det har same type struktur som hematitt, og desse har liknande utsjånad, men har svart strek. Mineralet er eit jern-titan-oksid. Dei analoge magnesium- og mangansambindingane er geikielitt og pyrofanitt

mini|venstre|Ilmenittbrot i Tellnes i Sokndal

Mineralet er vanleg og finst aksessorisk i mange forskjellige bergart. Noreg har dei største ilmenittreservane i Europa og er den største produsenten i verda i lag med Australia. Titania A/S bryt seks millionar tonn ilmenitt årleg i Egersundfeltet på Hauge i Dalane. Malmen vert vidareforedla til titanoksid ved Kronos Titan i Fredrikstad. I Odda kommune vart det oppretta eit ilmenittsmelteverk i Tyssedal etter eit stortingsvedtak i 1983. Drifta starta i 1986 og i 1988 vart verket overteke av Tinfos Jernverk.

Ilmenitt på månen Ilmenitt er funne i månesteinar, og i 2005 brukte NASA Hubble Space Telescope for å lokalisere potensielt ilmenitt-rike lokasjonar. Mineralet vil kunne vere viktig for ein eventuell månebase fordi ilmenitt ville vere ei kjelde for jarn og titan for bygging av konstruksjonar og essensiell oksygenekstraksjon.

Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Ilmenitt» frå , den 22. desember 2010.

Kategori:Jernmineral Kategori:Titanmineral Kategori:Oksydmineral Kategori:Trigonale mineral