Llyn Cwellyn (Llyn Quellyn i eldre tekstar) er eit reservoar i Nord-Wales som gjev drikkevatn til delar av Gwynedd og Anglesey. Det ligg på Afon Gwyrfai i Nant y Betws mellom Snowdon Massif og Mynydd Mawr nord i Snowdonia nasjonalpark. Det har eit areal på 87 hektar og er over 37 meter på det djupaste. I sørenden ligg den vesle landsbyen Rhyd Ddu.
Sjølv om han no er demd opp i nordenden, nedanfor Castell Cidwm-ryggen, nær landsbyen Betws Garmon, har ikkje det auka storleiken på den naturlege innsjøen. Innsjøen er særs djup og er ein av få innsjøar i Wales som har ein naturleg bestand av arktisk røye. Det finst òg bekkeaure og oter i innsjøen. Innsjøen er eigd av Lawrence Jones, eigaren av Castell Cidwm estate i nordenden, og Welsh water. Innsjøen var opphavleg eigd av markisen av Anglesey som nytta Castell Cidwm som jakthus.
Vegen A4085 går langs innsjøen. Austsida vert i dag rekna som eit naturreservat, og det er restriksjonar på fiske i innsjøen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Llyn Cwellyn» frå , den 22. desember 2010. oppgav desse kjeldene: The lakes of Eryri av Geraint Roberts. Gwasg Carreg Gwalch, Llanrwst, 1995. Snowdonia, National Park Guide Number 2, edited Edmund Vale, HMSO 1958/1960 (s. 74)
Bakgrunnsstoff Llyn Cwellyn, Bilete av Llyn Cwellyn
mini|800px|venstre|Panorama av Llyn Cwellyn. Mynydd Mawr (Big Mountain) til venstre
Cwellyn, Llyn Cwellyn, Llyn Cwellyn, Llyn Kategori:Geografi i Gwynedd