thumb|Plakat for «Nordiska Spel 1901» Dei nordiske leikane eller nordiska spelen var nordiske vintersporttevlingar som vart arrangerte sju gonger i tida 1901- 1926 av Sveriges centralförening för idrottens främjande. Kva for idrettsgreiner som stod på programmet, varierte noko mellom dei ulike arrangementa. Dei nordiske leikane er sett på som ein forløpar for dei olympiske vinterleikane.
Leikane skilde seg frå dei olympiske leikane både innan ideologi og program. Idrettsgreiner som sparkstyttingsløp og skeise-segling er døme på greiner i dei nordiske leikane som ikkje vart sette opp på programmet for dei seinare olympiske vinterleikane. Leikane vart prega av nasjonalistisk manifestering av nordisk kampglød og kultur. Dette såg ein att i valet av idrettsgreiner. Derfor fann ein òg plass for idrettsgreiner som ikkje vert knytt til vinteridrett, så som tradisjonell militæridrett og linjegymnastikk. I tillegg til idrettstevlingane vart det arrangert utstillingar og andre tilstellingar som skulle syne kva for kvalitetar Norden hadde vinterstid.
Leikane vart store folkefester som vekte merksemd også utanfor Norden. Utanlandske idrettsmenn vart inviterte til å delta, men det var mest svenskar som deltok.
Arrangørstader Alle leikane utanom ein vart haldne i Sverige.
1901 9. til 17. februar Stockholm 1903 i februar Kristiania - Nordisk vintersportveke 1905 4. til 12. februar Stockholm/Östersund 1909 6. til 14. februar Stockholm 1913 7. til 16. februar Stockholm/Östersund 1917 10. til 18. februar Stockholm 1922 4. til 12. februar Stockholm 1926 6. til 14. februar Stockholm
Kjleder
Denne artikkelen bygger på «Nordiska spelen» frå , den 12. desember 2010.
Kategori:Skandinavia Kategori:Idrettstilskipingar