Carl Victor Emanuel Geelmuyden () var ein norsk skulemann, ordførar og stortingsmann for Venstre, fødd i Fredrikshald. Ivar Geelmuyden var far hans.

Geelmuyden vart student frå Bergens katedralskule i 1876, cand. mag. i 1885. Han var lærar ved Hamar skole frå 1886, og 1892-93 adjunkt i Tromsø. Perioden 1893-1908 var han overlærar ved folkeskulen i Bergen. Frå 1908 rektor ved Tanks skole i Bergen.

Geelmuyden var medlem av Bergens bystyre frå 1899, periodane 1907-10 og 1914-16 var han ordførar. Skulstyreformann i Bergen frå 1911, forlikskommissær frå 1908. Valbolken 1900-03 var han 4. representant frå Bergen og partiet Venstre på Stortinget. Han var medlem av jarnbanekomiteen og i 1903 av den utvida budsjettkomiteen. Permittert i ni veker vårsesjonen 1901 (februar-april) grunna sjukdom.

Han var medforfattar til fleire bokverk om historia til Bergen.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Folk frå Halden Kategori:Folk frå Bergen