Halvor Klasson Eika () var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Bø i Telemark.
Far hans var gardbrukar i Bø. Sjølv gjekk han ut frå Klyve lærarskule i Solum i 1855, men søkte ikkje lærarpost. Han var frå 1862 gardbrukar på farsgarden Eika, og kjøpte opp fleire landeigedomar. Frå 1861 til 1910 var medlem av heradsstyret i Bø, ordførar i mange år. Elles var han forlikskommissær og sparebankdirektør, med meir.
Eika var frå 1868 til 1879 stortingsmann for Bratsbergs amt. Både i 1868-69 og 1871-73 var han medlem av protokollkomiteen. Åra 1874-77 og 1879 var han medlem av budsjettkomiteen, 1877-79 medlem av Lagtinget. I 1878 møtte han ikkje på Stortinget, grunna sjukdom.
Han døydde på Sætre i Sauherad i 1911..
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar for Telemark Kategori:Ordførarar i Bø i Telemark Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Norske lærarar Kategori:Folk frå Bø i Telemark