Hølje Halvorsson Klonteig () var ein norsk gardbrukar, dampskipsførar, ordførar og stortingsmann frå Tinn i Telemark. Han var far til Knut H. Klonteig.

Klonteig var son ein gardbrukar i Vestfjorddalen i Tinn. Sjølv var han lærar i Tinn 1844-51 og deretter gardbrukar på farsgarden. Han var medlem av formannskapet i Tinn 1853-89, ordførar 1884-88. Klonteig var kommunekasserar 1856-70 og frå 1866 til -78, samt 1884 til -91 var han førar på eit dampskip på Tinnsjøen. Elles var han 1850-70 presten sin medhjelpar, 1859-78 sparebankdirektør, 1862-84 valmann og 1864-78 forlikskommissær.

Klonteig representerte Bratsbergs amt på Stortinget 1871-76 og 1878. 1871-74 var han medlem av bankkomiteen, 1875-76 av næringskomite nr 2. For perioden 1877-79 vart han vald til 4. representant, men valet vart forkasta med 78 røyster mot 30. Ved omvalet vart han 1. varamann og møtte i 1878-sesjonen i staden for Eika. Då var han medlem av budsjettkomiteen.

Han døydde på garden sin i Tinn i 1891.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar for Telemark Kategori:Ordførarar i Tinn Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Norske lærarar Kategori:Folk frå Tinn