Gabriel Olsson Ueland () var ein nordk lærar, lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå Heskestad i Rogaland. Ole Gabriel Ueland var far hans, Jonas Ueland ein bror.
Ueland gjekk i omgangsskule og las privat hos soknepresten i Lund. Ein vinter fekk han undervisning i Christiania. Sidan var han lærar i nokre år. Deretter var han 1856-71 lensmann i Heskestad. Frå 1859 var han gardbrukar på Ueland til han døydde. Han var ordførar nokre år og medlem av forlikskommisjonen.
Ueland representerte Stavanger amt på Stortinget frå 1862 til 1880. Han var 1862-63 medlem av kyrkjekomite nr 1, 1865-66 av kyrkjekomiteen og frå 1868 til -74 sekretær i justiskomite nr 2. 1875-76 medlem av justiskomiteen og 1877-80 medlem av valkomiteen og av gasje- og pensjonskomiteen. Ueland var medlem av Lagtinget 1871-73 og sekretær i same 1874-79. Han var visesekretær i Lagtinget i 1880 fram til 23. februar. Grunna sjukdom vart han då permittert, og møtte ikkje sidan på Stortinget, endå om han var vald for sesjonane 1880-82.
Han døydde på garden sin i Heskestad i 1888.
Kjelder
Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Ordførarar i Heskestad Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Norske lærarar Kategori:Folk frå Lund