Ranværing(smål) eller Nord-helgelandsk er dei tradisjonelle nordnorske målføra på indre Nord-Helgeland, i området kring Ranfjorden, i Hemnes kommune, i Elsfjord sokn i Vefsn kommune, og sør i Beiarn kan òg dialekta reknast som ranværing, i og med at mange av gardane der vart rydda av folk frå andre sida av Saltfjellet. Dialekta har overraskande mange austlege preg, noko som skil det frå vefsnmålet i sør, som har fleire vestnorske målmerke. Då Norsk Jernverk opna i Mo i Rana på 50-talet, førte det til mykje innflytting. Dialekta kom i kontakt med andre dialekter, og mange av særprega fall bort. Det er difor det i dag er so stor skilnad på målet kring byen og målet i tettstadene og bygdene inne i landet.

Målmerke Dialekten framstår tydeleg som ein nordnorsk dialekt, med Høgtone. Tonefallet byrjar høgt, og dett mot slutten av setninga. Halvhogging (apokope). Tonlette stavingar fell bort i ymsande mon. Fleirtal av inkjekjønnsord har endinga -an: husan, eplan J-klang (palatalisering) av n, l, t og d i visse samanhengar.

Sjølv om nordnorske målføre oftast vert rekna blant vestnorske målføre, har ranværingsmålet fleire austnorske målmerke enn det som er vanleg i nordnorsk elles. Tjukk-l av både rd og l, slik at orda stol og bord rimer. Spor av jamvektregelen både i sterke hankjønnsord og i infinitiv.

Uttale Ranværingsmålet har ein del "mellomvokalar" i ulike samanhengar. Vokalen ò vert ofte skildra som "ein ø som går mot å". Døme på vokalen finst i setninga lòppa hòppa i tròppa. Målføret har ein annan vokal som ofte vert avteikna med œ, og er skildra som "en ø som går mot æ". Han finst i setninga båt'n sœkk i rœk og fœk. Før palatale ljodar er det vanleg at o-vokalen vert diftongisk, t.d. tròullj og òunnj (nn. troll og onn). Ljoden som er avteikna med -ggj- ymsar mykje i dialekta. I sør fell han ofte i hop med kj-ljoden, medan han held seg som ein slags palatal d i nord. Difor heiter det helst veddje for "vegger" i Nord-Rana, men vekje i sør.

Verb Det tradisjonelle målet har spor etter kløyvd infinitiv. Det vil seia at verb som på gamalnorsk hadde kort vokal og kort konsonant i rotstavinga (t.d. vita, baka, moka, fara) held på a-endinga, medan alle andre verb har apokope i infinitiv (t.d. hør', finn', kast''', frå gn. høyra, finna, kasta). Døme på verb med kløyvd infinitiv i ranværingsmålet er å prata, å raga (sjangla), å moka, å vea (vassa), å bala (streva, arbeida), å veta, å svesa (fara med laust snakk). I det meste av dialektområdet, med unntak av Nord-Rana, vert tonlett -a i stavingsutljod uttala som ein slags -æ, ofte skrive -ä i ljodskrift. Denne uttalevarianten av a-lyden finn ein att i vefsnmålet.

I sterke verb ser ein ofte eit samanfall mellom formene i infinitiv og presens, t.d. å fer (av å fara), å søv (av å sova). Elles vert sterke verb jamnt over bøygde som i standard nynorsk, utan ending i presens og med e-ending i supinum. I supinum vil vi likevel finne avvikande former som lie for 'lege' og føre for 'fare'.

Eit særdrag som ranværingsmålet ser ganske åleine ut om å ha, er at notidendinga i a-verb fell bort i notid; han kast' (nn. han kastar). Jamvektsord derimot, held stundom på endinga. Eit anna drag som er nokso særeige er at dei st-verba som har eit tilsvarande grunnverb med a-bøying, har vorte omtolka som a-verb sjølve. Døme på det er å samlest - samlesta og å jamnest - jamnesta. +Døme på verbbøyingInfinitivPresensPreteritumPresens perfektumSterke verbå far/færfærfórha føreå tuggtuggtòuggha tòddje (sør: tåkje)A-verbå kastkastkastaha kastaå mokamokamokaha mokaE-verbå hørhørhøulha høurtå byddjebyddjebøgdha bøgd

Substantiv Substantivbøyinga liknar mykje på nynorsken i dag, med få unntak. Inkjekjønnsord som i ubunden eintal endar på vokal (t.d. snøre, auga) får same fleirtsalsbøying som hankjønnsorda. Det er òg vakling i bortfallet av vokalar i bøyingsmønstera. I sør er det vanleg at fleirtal av ord som oter vert otra, men i nord vert det helst otera. +Døme på substantivbøyingEintalFleirtalubundenbundenubundenbundenHankjønnsordhæsthæstnhæstahæstansøusøuensøuesøuenlærarlærarnlæreralæreranHokjønnsordælvælvaælveælvenjømmerjømm(e)rajømm(e)rejømmernvisavisavisevisnInkjekjønnsordæggægge (sør: ekje)æggæggansnøresnøresnørasnøranøueøueøuaøuan Restar av dativ kan enno høyrast i ordtak og faste vendingar, t.d. han far e på låva, der låva er dativforma av låven. Sermerkte ord Somme substantiv har anna kjønn enn bokmål: ein nebb (sjeldan), ein fjøs, ei lae, ei famn, eit kai. Eit typisk ranværingsord er t.d. kørv for "gut"

Pronomen +Personlege pronomenSubjektObjektEigedom1p. Eintalegmegminnj, mi, mena2p. Eintaldudegdinnj, di, sena3p. EintalHankjønnhan, hannjhanjsHokjønnhoho, hinnjahinnjers, hennesInkjekjønndede1p. Fleirtalviåssvåres2p. FleirtalVanlegdåkkdåkkdåkkersVyrdelegIØrØrs3p. Fleirtaldi, dæmdæm, dideres, dæmmers Bruken av pronomen ymsar i dialektområdet. I Hemnesberget heiter det helst alltid dæm i subjekt og objekt og dæmmers som eigeform. I eldre mål var pronomenet I - Ør - Ørs'' bruka i høfleg tiltale, t.d. var det vanleg folkeskikk at ein bruka pronomenet i tale med besteforeldra sine.

Spørjeord ke (kva) kem (kven) ker (kor) kefør (kvifor) keless’n (korleis)

Kjelder Hallfrid Christensen i Axel Coldevin: Rana bygdebok bind 1 (1964)

Kategori:Rana kommune Kategori:Helgeland Kategori:Norske målføre