Einar Joachim Wøhni () var ein norsk politikar for Ap. Han var landbruksminister i den tredje regjeringa til Einar Gerhardsen 1960–63 og stortingsrepresentant frå Troms 1961–1965.

Wøhni var utdanna frå Finnmark landbruksskole og Statens småbrukslærerskole. Han arbeidde som herredsagronom og lærer, før han vart direktør i Direktoratet for vilt og ferskvassfisk 1965-1976. Frå 1977 til 1987 var han fylkeskartsjef i Nordland.

Verv 1955–1959 medlem i Kvæfjord kommunestyre 1958–1960 formann i Sør-Troms Arbeidarparti 1957–1961 medlem i landsstyret til Arbeidarpartiet

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Einar Wøhni» frå , den 7. november 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Norske landbruksministrar Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Gerhardsen III Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Troms Kategori:Norske embets- og tenestefolk Kategori:Folk frå Lebesby