Steinsdalelva er ei elv i Gulen kommune i Vestland. Ho er ei sideelv til Frøysetelva og er lang, med eit nedbørfelt på .NVE Atlas , Norges vassdrags- og energidirektorat Middelvassføringa ved munningen er .

Elva har utspringet sitt i fjellområda søraust for Austgulen, som ei rekkje små bekker som renn saman i Austgulstølvatnet (389 moh). Derfrå renn ho mot sør-sørvest gjennom den 5 km lange Steinsdalen, der ho mottek fleire sidebekker. Rundt ein kilometer før munningen snur elva brått mot aust, deretter mot sør, før ho munnar ut i Vetlevatnet, like vest for Yndesdalsvatnet.

Avløpet frå Austgulstølvatnet er overført til Klyvtveitvatnet for å bli nytta i kraftproduksjon i Kløvtveit kraftverk. Overføringa tilsvarar rundt 40% av Steinsdalelvas naturlege vassføring ved munningen i Vetlevatnet.

I likskap med mange andre vassdrag i området vart fiskebestandane i Steinsdalelva negativt påverka av sur nedbør, spesielt i tida 1960-1990. Aurebestanden i Austgulstølsvatnet vart på 1970-talet sterkt redusert.Annie Elisabeth Bjørklund: Naturressurskartlegging i Gulen kommune, Sogn og Fjordane: Miljøkvalitet i vassdrag, Rådgivende Biologer AS, Rapport nr. 155, mars 1995, ISBN 82-7658-050-5 Men utviklinga har sidan snudd noko og i 2003 var bestanden av aure i Austgulstølvatnet relativt god.Trygve Hesthagen Gunnel Østborg: Endringer i areal med forsuringsskadde fiskebestander i norske innsjøer fra rundt 1990 til 2006, NINA Rapport 169, Trondheim, desember 2008, ISBN 82-426-1724-4 og bestanden av aure har teke seg opp noko, til trass for at vatnet ikkje har vore kalka og det ikkje har vore sett ut fisk.Annie Elisabeth Bjørklund, Bjart Are Hellen: Kalkingsplan for Gulen kommune, 1997, Rådgivende Biologer AS, Rapport nr. 286, 1997, ISBN 82-7658-145-5

Kjelder

Kategori:Elvar i Gulen