«The Boxer» er ein folkrock-song skriven av Paul Simon i 1968 og først spelt inn av Simon & Garfunkel. Han vart gjeven ut på singel som oppfølgjaren til den store hitten «Mrs. Robinson» og nådde 7. plass på den amerikanske singellista. Han vart så gjeven ut på det siste studioalbumet deira, Bridge over Troubled Water i lag med B-sida «Baby Driver». Han er særleg kjend for det enkle refrenget der songarane berre syng melodien som 'lie-la-lie' og den kjende fingerplukkinga til gitaristen Fred Carter, Jr.. Rolling Stone rangerte songen på 105. plass på lista deira over 500 største songane gjennom tidene.
Bakgrunn
Den opphavlege innspelingar av songen er ein av dei mest produserte og tok over 100 timar å spele inn. Innspelinga vart gjort ved fleire høve, mellom anna i Nashville, St. Paul's Chapel i New York City og Columbia studio.
Den originale singelutgåva hadde ein instrumental melodi spelt av pedalsteelgitar og piccolotrompet i lag. Songen har òg eit bassmunnspel som ein kan høyre i andre og siste vers.
Teksten
Songteksten er skildra frå førsteperson. Songaren skildrar kampen mot einsemd og fattigdom i New York City. I det siste verset vert fokuset endra til tredjeperson og skildrar ein boksar som trass i at han stadig får bank held fram med boksinga.
Refrenget på songen er ordlaust og består berre av «lie-la-lie» som blir repetert.
Andre versjonar Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Me First and the Gimme Gimmes, Bob Dylan, Neil Diamond, Emmylou Harris, The Samples, Across the Border og Mumford & Sons. Harris sin versjon nådde Topp 10 på den amerikanske countrylista i juni 1980. Joan Baez brukte å spele songen mykje på konsertane sine frå slutten av 1970-åra og framover. Chet Atkins har spelt ein instrumental versjon av songen.
Finn Kalvik ga i 1976 ut ein norsk versjon kalla "Bokseren" der han sjølv hadde skrive den norske teksten.
Salslister
Vekeslister Liste (1969) Plasseringscope="row"scope="row"Canada RPM Top Singles3Canada RPM Adult Contemporary1scope="row"scope="row"scope="row"New Zealand (Listener)9scope="row"scope="row"South Africa (Springbok Radio)3scope="row"scope="row"scope="row"US Cash Box Top 1004Zimbabwe Singles (ZIMA)* Zimbabwe. Kimberley, C. Zimbabwe: singles chart book. Harare: C. Kimberley, 200013
Årslister Liste (1969)PlasseringCanada70US (Joel Whitburn's Pop Annual)79US Adult Contemporary (Billboard)Top Records on 1969 (Based on Billboard Charts)", Billboard, 27. desember 1969. pp. 16-17. Accessed 7. desember 2016.42US Cash Box85
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Boxer» frå , den 4. november 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Simon & Garfunkel-songar Kategori:Songar produserte av Art Garfunkel Kategori:Songar produserte av Paul Simon Kategori:Songar produserte av Roy Halee Kategori:Songar skrivne av Paul Simon Kategori:Songar om einsemd Kategori:Songar om fattigdom Kategori:Songar om idrettsfolk Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Emmylou Harris-songar Kategori:James Last-songar Kategori:Joan Baez-songar Kategori:Neil Diamond-songar Kategori:Chet Atkins-songar 106