The Concert in Central Park er eit konsertalbum av Simon & Garfunkel. Den 19. september 1981 vart duoen gjenforeint for ein gratiskonsert i Central Park i New York med meir enn 500 000 menneske i publikum. Dei gjorde opptak av konserten og gav han ut på plate mars 1982. Konserten vart òg filma og sendt på HBO i 1982 og kom så ut på VHS, og seinare DVD.
I tillegg til hittane dei hadde spelt inn i lag, spelte dei fleire av solosongane til Simon frå 1970-åra.
Albumet nådde sjetteplassen i USA, men gjekk heilt til topps i fleire land, mellom anna Noreg og New Zealand.
Innhald
Medverkande Paul Simon – gitar, vokal, triangel Art Garfunkel – vokal David Brown – gitar Pete Carr – gitar Anthony Jackson – bassgitar Richard Tee – keyboard, piano Steve Gadd – trommer, perkusjon Grady Tate – trommer, perkusjon Rob Mounsey – synthesizer John Gatchell – trompet John Eckert – trompet Dave Tofani – saksofon Gerry Niewood – saksofon
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Concert in Central Park» frå , den 4. november 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Konsertar Kategori:Simon & Garfunkel-album Kategori:Konsertalbum frå 1982 Kategori:Doble konsertalbum