Simon & Garfunkel er ein amerikansk duo som består av Paul Simon og Art Garfunkel. Dei anna gruppa Tom & Jerry i 1957 og hadde ein liten hit under dette namnet med «Hey, Schoolgirl». Som Simon & Garfunkel vart duoen kjende i 1965 med hitsingelen «The Sounds of Silence». Musikken deira vart nytta i den populære filmen The Graduate, som gjorde at dei vart ytterlegare kjend.

Dei er kjende for dei tette vokalharmoniane og var av dei mest populære artistar i 1960-åra. Av dei største hittane deira finn ein, i tillegg til «The Sounds of Silence», var «Bridge over Troubled Water», «I Am a Rock», «Homeward Bound», «A Hazy Shade of Winter», «Mrs. Robinson», «The Boxer», «Cecilia» og «Scarborough Fair/Canticle». Dei vann fleire Grammy-prisar og er innlemma i Rock and Roll Hall of Fame og Long Island Music Hall of Fame (2007).

Forholdet deira var ikkje alltid det beste og det siste albumet deira, Bridge over Troubled Water, vart utsett fleire gonger på grunn av usemjer, og duoen braut til slutt opp i 1970. Dei har derimot kome saman att fleire gonger sidan den gong for konsertar og turnear. Mellom anna spelte dei i 1981 Central Park i New York, føre eit publikum på om lag ein halv million.

Historie Tidleg historie Paul Simon og Art Garfunkel var nære vener gjennom barndommen og voks begge opp i Forest Hills i Queens i New York, berre nokre få kvartal frå kvarandre. Dei møttest på barneskulen i 1953, då dei begge var med i skodespelet Alice in Wonderland på skulen (Simon som White Rabbit, Garfunkel som Cheshire Cat). Dei var klassekameratar på Parsons ungdomsskule og Forest Hills High School og starta å spele i lag på ungdomsskulen som Tom and Jerry, med Simon som Jerry Landis (eit namn han lånte frå ei jente han gjekk ut med) og Garfunkel som Tom Graph (eit namn han tok fordi han likte å følgje («graphing») hittar på poplistene). Dei starta å skrive sine eigne songar i 1955 og gjorde den første profesjonelle innspelinga si, «Hey, Schoolgirl», for Sid Prosen frå Big Records i 1957. Han vart gjeven ut som singel med songen «Dancin' Wild» som B-side. Singelen selde 100 000 eksemplar og nådde 49. plass på singellista. Både Simon og Garfunkel har innrømt at The Everly Brothers hadde stor innverknad på stilen deira og det er merkbart på mange av dei tidlege songane deira (som «Hey, Schoolgirl»).

Seinare spelte dei hitten på American Bandstand, like etter at Jerry Lee Lewis hadde spelt «Great Balls of Fire».

Dei klarte ikkje å følgje opp suksessen i 1958 og etter high school gjekk duoen på forskjellige college, Simon på Queens College og Garfunkel på Columbia University.

I 1963 sprang dei fram som ein del av visemiljøet i Greenwich Village. Simon, som hadde gjort ferdig college, men som hadde droppa ut av Brooklyn juridiske fakultet, hadde, som Garfunkel, utvikla ei interesse for visemiljøet. Simon viste Garfunkel nokre nye viser han hadde skrive: «Sparrow», «Bleecker Street» og «He Was My Brother», som seinare vart tileigna Andrew Goodman, ein ven av både Simon og Garfunkel og ein klassekamerat av Simon på Queens College, som var ein av tre borgarrettsarbeidarar som vart myrda i Neshoba County i Mississippi den 21. juni 1964.

Desse tre songane var av dei fem originale songane som Simon skreiv for det første albumet deira for Columbia Records, Wednesday Morning, 3 A.M.. Albumet kom ut 19. oktober 1964, men var i starte mislukka.

Første oppløysing Kort tid etter at dei hadde spelt inn plata, vart duoen oppløyst og Simon flytta til Storbritannia, der han spelte på Les Cousins og The Troubadour i London og viseklubbar på landet. Medan han var i England spelte han inn soloalbumet The Paul Simon Songbook i 1965. Det vart spelt inn ved tre høve i juni og juli i Levy's Studio i London. Albumet vart gjeve ut som LP, men vart sletta kring 1979 etter ønske frå Simon, før det vart gjeve ut på CD med bonusspor i 2004.Paul Simon Songbook on Amazon.com confirming re-release date Medan han var i London skreiv han fleire songar i lag med Bruce Woodley frå The Seekers, mellom anna «I Wish You Could Be Here», «Cloudy» og «Red Rubber Ball», som vart ein førsteplass i USA for The Cyrkle i 1966.

Medan Simon var i England sommaren 1964, byrja radiostasjonar rundt Cocoa Beach og Gainesville i Florida å motta ønske om å spele ein song frå albumet Wednesday Morning, 3 A.M. kalla «The Sounds of Silence». Songen vart òg stadig spelt på radio i Boston. Den amerikanske produsenten for duoen, Tom Wilson var inspirert av The Byrds sine særs populære elektriske versjonar av Bob Dylan-songar, og nytta studiobandet til Dylan (som hadde spelt i lag med Dylan på den store hitten «Like a Rolling Stone» same året) for å legge på elektriske gitarar, bass og trommer på den originale «Sounds of Silence» og gav han ut som singel med «We've Got a Groovy Thing Goin'». Dette gjorde visa om til ein folkrock-song.

I september 1965 fekk Simon vite at songen hans hadde gått inn på listene i USA, like før han skulle på scenen på ein viseklubb i Danmark. Songen nådde førsteplassen på singellista i USA nyårsdag 1966.

Suksess Simon reiste med ein gong attende til USA og duoen starta opp att for å spele inn fleire songar i liknande stil, sjølv om ingen av dei godtok det Wilson hadde gjort med «The Sounds of Silence». Resultatet var fleire folkrock-plater som har halde seg godt innanfor sjangeren. Den 17. januar 1966 gav duoen ut albumet Sounds of Silence, som med hjelp av tittelsporet nådde 21. plass i USA, medan Wednesday Morning, 3 A.M. vart gjeven ut på ny og nådde 30. plass. Av songane på The Paul Simon Songbook vart fleire spelt inn på ny (somme med elektriske instrument) for Sounds of Silence. Desse var «I Am a Rock» (som vart gjeven ut som singel i USA og nådde tredjeplass), «Leaves That Are Green», «April Come She Will», «A Most Peculiar Man» og «Kathy's Song».

Andre hitsinglar følgde, som «Scarborough Fair/Canticle», basert på ein tradisjonell engelsk ballade med arrangementet til Martin Carthy og «Homeward Bound» (5. plass i USA), som omhandla turnelivet Simon hadde hatt i England i 1965. Songen skal visstnok ha vorte skriven då Simon måtte overnatte på ein togstasjon etter å ha mista toget på Widnes Central jernbanestasjon. I dag heng det ein plakett på stasjonen til minne om dette.

Fleire songar frå The Paul Simon Songbook vart spelt inn i lag med nyare songar for albumet Parsley, Sage, Rosemary and Thyme, som kom ut 10. oktober 1966. «Cloudy» var skriven tidlegare i lag med Bruce Woodley, men Woodley er ikkje tilskriven for dette på albumet. Året etter spelte bandet til Woodley, The Seekers songen for albumet deira Seen in Green, der Simon er tilskriven.

Tidleg i 1967 valde Pickwick Records, som hadde rykte for å vere eit selskap av låg kvalitet, å utnytte stjernestatusen duoen hadde fått og gav ut albumet The Hit Sounds of Simon and Garfunkel. Dette albumet inneheld ti songar frå slutten av 1950-åra og tidleg i 1960-åra, som duoen hadde spelt inn medan dei framleis kalla seg Tom & Jerry, mellom anna hitten «Hey, Schoolgirl» og B-sida «Dancin' Wild». Simon & Garfunkel saksøkte så Pickwick fordi selskapet presenterte musikken som noko som nyleg var spelt inn, ikkje som songar skrivne og gjevne ut fem år tidlegare. Like etter trekte Pickwick The Hit Sounds of Simon and Garfunkel tilbake frå marknaden.

Den 16. juni 1967 spelte duoen på Monterey Pop Festival. Same året medverka dei stort til filmmusikken til Mike Nichols-filmen The Graduate, som kom ut i januar 1968. Albumet gjekk rett opp til førsteplassen. I følgje ein artikkel i Variety av Peter Bart i 2005, hadde Nichols vorte besett av musikken til Simon and Garfunkel då han filma filmen. Larry Turman, som var produsent for filmen, gjorde ein avtale med Simon om at han skulle skrive tre nye songar for filmen. Då dei var nesten ferdig å redigere filmen hadde Simon berre skrive ein ny song. Nichols bad han om fleire, men Simon, som stadig var på turne, svarte at han ikkje hadde tid. Han spelte då eit par tonar frå ein ny song han arbeidde på; «Han er ikkje for filmen...det er ein song om tidlegare tider, om Mrs. Roosevelt og Joe DiMaggio og slikt.» Nichols gav Simon råd om at «Han er no om Mrs. Robinson, ikkje Mrs. Roosevelt.»Mrs. Robinson av Simon and Garfunkel Songfacts

The Graduate vart følgd opp i mars 1968 av Bookends, som omhandlar kompliserte tema som alderdom og tap. Frå albumet fekk dei hitsinglane «A Hazy Shade of Winter», «Fakin' It», «At the Zoo», «America» og ein full versjon av «Mrs. Robinson», den klassiske førsteplassen frå The Graduate. Simon and Garfunkel reiste attende til England hausten 1968 og heldt ein konsert i Kraft Hall som vart send på BBC. Her spelte òg Ed Simon, bror til Paul, på instrumentalen «Anji».Simon and Garfunkel, The Kraft Hall Concert, BBC 1968 på http://www.youtube.com/watch?v=E21lzfpt8Dg&feature=related

I mars 1969 vann «Mrs. Robinson» Grammy-pris som årets plate, medan Simon fekk Grammy for beste filmmusikkalbum.

Andre oppløysing I 1969 byrja suksessen til duoen å slite på dei. Garfunkel hadde starta ei skodespelarkarriere og spelte i rolla som Nately i Nichols-filmen Catch-22. Dette medførte at innspelinga av det neste albumet til duoen vart forseinka. Rolla i filmen som Simon opphavleg hadde vorte lovd, vart kutta frå manuskriptet.

Forholdet mellom Garfunkel og Simon vart gradvis dårlegare gjennom turneen deira seint i 1969. 30. november vart det vist klipp frå turneen som ein del av fjernsynsspesialen Songs of America, som mange TV-kanalar nekta å vise på grunn av dei klåre meldingane mot Vietnamkrigen.

Innspelinga av det som vart det siste albumet deira, Bridge over Troubled Water, gjekk ikkje lett føre seg. Albumet skulle visstnok bestå av tolv songar, men duoen klarte ikkje å verte samde om den tolvte songen. Simon nekta å spele inn eit korstykke av Bach som Garfunkel ville ha med, medan Garfunkel nekta å spele inn ein song Simon hadde skrive kalla «Cuba Si, Nixon No». Dei vart ikkje samde, og albumet vart berre gjeven ut med elleve songar.

Bridge over Troubled Water kom ut 26. januar 1970. Tittelsporet, med den svevande vokalen til Garfunkel, vart ein massiv hit og ein av dei mestseljande platene i heile 70-åra. Songen låg på førsteplassen i USA i seks veker og låg langt lengre på lista. Albumet inneheldt tre andre hittar: «El Cóndor Pasa» (18. plass i USA), «Cecilia» (4. plass i USA) og «The Boxer», som nådde sjuandeplassen i 1969, samt ei konsertinnspeling av Everly Brothers sin «Bye Bye, Love» frå ein konsert i 1969.

I mars 1971 vart albumet og singelen kåra til årets album og årets singel på Grammy-utdelinga, og dei vann òg prisar for beste lydteknikar, beste kontemporære song, årets song og beste arrangement for vokalistar. Samleplata deira Greatest Hits i 1972 har seld over 14 millionar eksemplar berre i USA og vart ein ny førsteplass for duoen.

Duoen vart oppløyst i 1970 på grunn av mykje krangling.

Simon heldt fram å skrive musikk og la ut på ei særs suksessrik solokarriere. Han spelte inn fleire klassiske album som There Goes Rhymin' Simon, Still Crazy After All These Years and Graceland, der han samarbeidde med Zulu-koret Ladysmith Black Mambazo.

Garfunkel har òg spelt inn soloplatar, men har òg arbeidd mykje som skodespelar. Det mest kritikarroste albumet hans var frå 1977, Watermark, der neste alle songane var skrivne av Jimmy Webb.

Gjenforeiningar Den første gjenforeininga til Simon and Garfunkel kom alt i juni 1972 for ein veldedigheitskonsert i Madison Square Garden for presidentkandidat George McGovern. Den 18. oktober 1975 spelte duoen i den andre epsioden av det nye showet Saturday Night Live. Dei spelte då «The Boxer», «Scarborough Fair» og «My Little Town». Den siste songen var den einaste nye Simon and Garfunkel-innspelinga på fem år, som finst på begge sine soloalbum frå 1975, (Simon sitt Still Crazy After All These Years og Garfunkel sitt Breakaway) og nådde niandeplass i USA.