«Like a Hurricane» er ein song skriven av Neil Young i 1975 og først gjeven ut på albumet American Stars 'N Bars i 1977.
Historie Songen vart skriven i juli 1975 med venen og naboen i La Honda, Taylor Phelps i baksetet på bilen hans, då Neil Young ikkje kunne synge på grunn av ein operasjon på stemmebanda. Songen er driven fram av den aggressive gitaren som er varemerket til Young, og har vorte spelt på nesten alle turneane til Young etter han kom ut. Songen finst òg på samlealbuma Decade og Greatest Hits og på konsertalbuma Live Rust, Weld og Unplugged. Den sistnemnde utgåva vert spelt på eit pumpeorgel.
Ei forkorta utgåve av «Like a Hurricane» vart gjeven ut som singel den 8. august 1977, med «Hold Back the Tears» som B-side.Neil Young-diskografi
Andre versjonar Theresa Andersson syng songen i filmen New Orleans Music in Exile, som følgjer hendingane etter orkanen Katrina. Roxy Music spelte songen og gav han ut på konsertalbuma The High Road og Heart Still Beating. The Mission gav songen ut som den andre singelen deira. Jay Farrar spelte songen på konsertalbumet Stone, Steel, & Bright Lights. Heather Nova spelte songen konsertalbuma Maybe An Angel (Japan) og Truth & Bone (Tyskland). Placebo har spelt delar av songen på konsertar. Jeff Healey spelte songen på albumet Mess of Blues. Adam Sandler spelte songen på Late Show with David Letterman føre Covered, A Revolution in Sound. Randy Bachman og Burton Cummings spelte songen på albumet deira Bachman-Cummings Jukebox i 2008.
Musikarar Neil Young - sologitar og solovokal Frank «Poncho» Sampedro - Stringman-synthesizer og korvokal Billy Talbot - Bassgitar og korvokal Ralph Molina - Trommer og korvokal
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Like a Hurricane (Neil Young song)» frå , den 28. oktober 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Singlar frå 1977 Kategori:Neil Young-songar Kategori:Reprise Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Neil Young Kategori:Songar produserte av David Briggs Kategori:Songar produserte av Neil Young Kategori:Crazy Horse-songar Kategori:Roxy Music-songar