Comes a Time er det niande studioalbumet til Neil Young, gjeve ut i 1978. Young gjekk her attende til country/folkrock-stilen frå Harvest (1972) og det nådde sjuandeplassen på den amerikanske albumlista. Tilhengjarane Young hadde fått etter Harvest måtte vente seks og eit halv år for ein oppfølgjar, og dette albumet var det første albumet til Young på Topp 10 sidan Harvest.
Tittelsporet vart gjeven ut som singel frå albumet.
Produksjon Albumet var opphavleg meint som eit album med berre Young solo, men då Young spelte det for sjefane i Reprise spurte dei han om han kunne leggje på rytmespor til det han alt hadde spelt inn og sluttproduktet vart Comes a Time. På to songar («Look Out For My Love» og «Lotta Love») vart han akkompagnert av Crazy Horse.
«Human Highway» vart skriven fleire år før albumet kom ut og vart opphavleg presentert for Crosby, Stills, Nash & Young i 1974 for eit føreslått studioalbum av gruppa som aldri vart noko av. På det mete av albumet syng Nicolette Larson harmonivokal. Ho syng òg solovokal i lag med Young på «Motorcycle Mama». Nicolette Larson gav kort tid etter ut sin eigen versjon av «Lotta Love» frå albumet og fekk ein Topp 10-hit med denne.
I mange år gjekk det rykte om at Young personleg hadde kjøpt kring 200 000 vinylutgåver av Comes a Time fordi han var misnøgd med lyden på albumet, på grunn av ein skade som skjedde med masterlydbandet under frakta til miksestudioet. Versjonen som er mest tilgjengeleg i dag vart personleg miksa av Young frå ein tryggleikskopi av det originale masterlydbandet. I eit intervju i mars 2014 i Rolling Stone, hevda Young at han faktisk hadde brukt dei 200 000 LP-platene som tak på låven hans.
Innhald Alle songar er skriven av Neil Young, utanom der andre er nemnde.
Medverkande Neil Young – gitar, munnspel, vokal, produksjon Frank Sampedro – gitar, piano, vokal (på spor 3 og 4) Billy Talbot – bass, vokal (på spor 3 og 4) Ralph Molina – trommer, vokal (på spor 3 og 4) Tim Mulligan – saksofon Nicolette Larson – harmoni- og solovokal (utanom på spor 3 and 4) Ben Keith – steelgitar Karl Himmel – trommer Tim Drummond – bass Spooner Oldham – piano Rufus Thibodeaux – fele Joe Osborn – bass Larrie Londin – trommer J. J. Cale – elektrisk gitar Farrell Morris – perkusjon Rita Fey – autoharpe Bucky Barrett, Grant Boatwright, Johnny Christopher, Jerry Shook, Vic Jordan, Steve Gibson, Dale Sellers, Ray Edenton – akustisk gitar Shelly Kurland, Stephanie Woolf, Marvin Chantry, Roy Christensen, Gary Vanosdale, Carl Gorodetzky, George Binkley, Steven Smith, Larry Harvin, Larry Lasson, Carol Walker, Rebecca Lynch, Virginia Christensen, Maryanna Harvin, George Kosmola, Martha McCrory, Chuck Cochran – strykarar Teknisk Ben Keith – produsent (utanom på spor 3, 4 og 8) Tim Mulligan – produsent (utanom på spor 7) David Briggs – produsent (på spor 3 og 4) Tim Mulligan, Michael Laskow, David McKinley, Danny Hilley, Mike Porter, Denny Purcell, Rich «Hoss» Adler, Ernie Winfrey, Gabby Garcia, Paul Kaminsky – lydteknikar Elliot Roberts – leiar Tom Wilkes – kunstnarisk leiar Coley Coleman – fotografi
Salslister Album År Liste Plassering 1978 Billboard Pop Albums 7
Singlar År Singel Liste Plassering 1978 «Four Strong Winds» Billboard Pop Singles 61
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Comes a Time» frå , den 28. oktober 2010 og 26. februar 2019.
Kategori:Musikkalbum frå 1978 Kategori:Neil Young-album Kategori:Album produserte av David Briggs Kategori:Reprise Records-album Kategori:Album produserte av Ben Keith Kategori:Album produserte av Neil Young Kategori:Album spelte inn i Wally Heider Studios