Vigdis Karen Giltun () er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Ho vart vald inn på Stortinget frå Østfold fylke i 2005 og vald på nytt i 2009.
Giltun er utdanna som teknisk teiknar frå Oslo Elementærtekniske skole i åra 1969–71 og har arbeidd i ei rekkje firma som teknisk teiknar, av dei Asea - Per Kure, Manpower, Skuteng og Aker Element. Ho tok fagbrev som ortopediteknikar i 1999 og arbeidde for SunChris Ortopediske frå 1992 til 2003.
Giltun har vore medlem av kommunestyra i Onsøy og Fredrikstad.
Stortingskomitear 2005–09: medlem av helse- og omsorgskomiteen 2009–: medlem av arbeids- og sosialkomiteen
Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi Framstegspartiet - Biografi
Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar for Østfold Kategori:Politikarar frå Oslo