Svein Flåtten () er ein norsk politikar frå Høgre. Han vart vald inn på Stortinget frå Vestfold fylke i 2001 og sat til 2017.

Flåtten er statssekretær ved Statsministerens kontor i regjeringa Solberg frå 1. oktober 2017.

Flåtten har handelsskule, økonomisk gymnas og 1. avd. juridicum, UiO 1980. Han har hatt ymse økonomiske og administrative stillingar i byggje- og anleggsindustrien frå 1966 til 1980. Frå 1980 har han vore eigar og dagleg leiar i Sveisemekanikk A/S, frå 1990 til 2001 eigar og arbeidande styreformann i Sandvik Mekaniske A/S 1990-2001.

Stortingskomitear

2001–09: medlem i finanskomiteen 2001–09: varamedlem i valkomiteen 2005–09: medlem i fullmaktskomiteen* 2009–13: første nestleiar i næringskomiteen 2009–13: medlem i valkomiteen Kjelder

Høgre - Biografi

Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Solberg Kategori:Statssekretærar frå Høgre Kategori:Andebu Kategori:Folk frå Sandefjord