Trygve Magnus Slagsvold Vedum () er ein norsk gardbrukar og politikar frå Senterpartiet. Han har vore leiar for partiet sidan våren 2014 og vald inn på Stortinget frå Hedmark sidan hausten 2005.
Vedum var leiar for Senterungdomen frå 2002 til 2004, og har sete i fylkestinget i Hedmark 1999-2005. Den nye stortingsgruppa til Senterpartiet valde 16. september 2009 Vedum til parlamentarisk leiar. 18. juni 2012 vart han utnemnd til landbruks- og matminister i regjeringa Stoltenberg II.
Vedum er utdanna agronom, og har i tillegg tatt grunnfag i sosiologi og mellomfag i statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Vedum driv eigen gard på Ilseng i Stange. Han arbeidde i Senterpartiet som organisasjonsrådgivar 2004-05.
Stortingskomitear 2005–2009 medlem i Kommunal- og forvaltingskomiteen 2005–2009 medlem i Valkomiteen 2009–2013 medlem i Utanriks- og forsvarskomiteen
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske finansministrar Kategori:Norske landbruksministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Støre Kategori:Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg II Kategori:Senterpartistatsrådar Kategori:Leiarar for Senterpartiet Kategori:Leiarar i Senterungdomen Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Stortingsrepresentantar frå Sp Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Norske agronomar Kategori:Folk frå Stange