Fjellskrinneblom er ei plante i krossblomfamilien. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing. Han finst i fjellområde i Europa, Nord- og Aust-Afrika, Sentral- og Aust-Asia og delar av Nord-Amerika.

Planta vert kring 15 cm høg. Stengel og nedre blad er stjernehåra. Ho ha grovtagga stengelblad. Begerblad er 4 mm og kronblad 8 mm. Skulpeskaftet er 1 cm.

Fjellskrinneblom blomstrar kring juli ved bekkar og på fuktig grusjord i fjellet. Han veks i alle fjelltrakter i Noreg. Planta er funnen opp til 1980 m i Jotunheimen.

Kjelder

Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Denne artikkelen bygger på «Fjälltrav» frå , den 12. september 2010.

Kategori:Krossblomfamilien Kategori:Viltveksande plantar i Noreg Kategori:Fjellflora