Øverøystolen eller Ørastolen er eit fjell i Fjord kommune i Møre og Romsdal. I blant vert namnet Overøystolen brukt. Fjellet ligg mellom hovuddalføret Stordalen i aust og sidedalen Jasvollbotnen i vest. Toppen på 1393 moh. er enkel å nå. Enklaste vegen går rett opp austsida, men ein skavl ved toppen sperrar vegen til langt på sommaren. Ei anna rute går frå aust opp på egga ein kilometer sør for toppen. Derifrå langs egga som til dels er smal til topps. Somme stader går ein litt ut i vestsida.
Kategori:Fjell i Fjord Kategori:Fjell på Sunnmøre