Ibrahim Afellay () er ein nederlandsk fotballspelar av marokkansk opphav som har spela for FC Barcelona i spansk Primera Division og for det nederlandske landslaget. Han var med på å bli seriemeister i Nederland med PSV fire år på rad, frå 2005 til 2008. Han blei kåra til årets talent i nederlandsk fotball i 2007. Ved årsskiftet til 2011 gjekk han til Barcelona, der han vart spansk seriemeister i 2011.

Afellay var ettertrakta av både det nederlandske og marokkanske landslaget, men valde til slutt å spela for Nederland. Han debuterte for A-landslaget i ein EM-kvalifiseringskamp mot Slovenia 28. mars 2007. Under fotball-EM i 2008 fekk han éin kamp frå start og spelte elles som innbytar. I fotball-VM i 2010 kom han inn som innbytar i tre kampar.

Kategori:Nederlandske fotballspelarar Kategori:PSV-spelarar Kategori:Barcelona-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012