Henrik Laurentius Helliesen () var ein embetsmann, stortingsrepresentant og statsråd. Han var son av Henrik Helliesen.

Helliesen var fødd i Bodø, og vart student frå Fredrikshalds skole i 1842. I 1847 vart han cand. jur., og to år etter tilsett i finansdepartementet. Han vart der byråsjef i 1853, og eksepedisjonssjef året etter. 1860-63 var han amtmann i Nedenes amt.

1862-63 representerte Helliesen Arendal og Grimstad på Stortinget, han var medlem av tollkomiteen. I tida frå 22. juni 1863 til 1884, med enkelte korte avbrot, veksla han mellom å vere finansminister og å vere medlem av den norske statsrådsavdelinga i Stockholm. Han leia arbeidet med myntreforma, overgangen til kroner og øre som mynteining, i 1875. 1871 var han nokre månader leiar av indredepartementet, og i 1884 var han kyrkje- og undervisningsminister i drygt tre veker. Han var ein av statsrådane som, 22. mars 1884, vart felt av riksretten i saka mot Selmer-ministeriet.

Helliesen vart vald inn på Stortinget for perioden 1886-88, då tilslutta det nye partiet Høgre. Valet vart forkasta med 76 røyster mot 34.

1884 vart Helliesen tollkasserar i Arendal, frå 1885 var han tollskrivar i Christiania.

Helliesen vart 1876 tildelt storkorset av St. Olavs Orden.

Kjelder

Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Norske statsrådar 1814-1884 Kategori:Norske finansministrar Kategori:Norske kyrkje- og undervisningsministrar Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Arendal og Grimstad Kategori:Norske amtmenn Kategori:Fylkesmenn i Aust-Agder Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Nordstjerneordenen Kategori:Folk frå Bodø