Aimar August Sørenssen () var ein norsk gardbrukar, jurist og politikar for partiet Venstre. Christian Sørenssen var farbror hans.

Sørensen var fødd i Christiania, faren var professor. Sjølv vart han student i 1841 og tok juridisk embetseksamen i 1846. Han arbeidde som kopist i kyrkjedepartementet i fleire år. Deretter var han i mange år gardbrukar på Gipsund i Rygge. Frå 1874 var han fut i Rakkestad, og i perioden 1881-84 var han sorenskrivar i Moss.

Sørenssen var medlem av hovudmatrikuleringskommisjonen 1872, og formann i tilsynskommisjonen for Ås landbruksskule og 1892-93 formann i fylkesskulestyret i Smaalenene.

Perioden 1862 til 1879 representerte Sørenssen Smaalenenes amt på Stortinget. Han var sekretær i Odelstinget 1865-66, i Stortinget 1868-73, og odelstingspresident frå 1874 til 1879. 1862-63 var han medlem av protokollkomiteen, 1865-66 sekretær og 1868-76 formann i same komiteen. Han var medlem av røysterettskomiteen 1868-69 og 1875-77, formann i protokollkomiteen 1871-76, skattekomiteen 1875-79 og vegkomiteen 1877-78. Medlem av både valkomiteen og fullmaktskomiteen 1871-79, jarnbanekomiteen 1874, samt av konstitusjonskomiteen 1879. I 1872 var han medlem av deputasjonen til tusenårsminnet i Haugesund og året etter av kroningsdeputasjonen til Stockholm.

Sørenssen var statsråd og sjef for justis- og politidepartementet frå 26. juni 1884 i Johan Sverdrups regjering, Noregs første parlamentariske regjering. Frå september 1887 til juli året etter var han medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm, avbrote av perioden 17. februar-4. mars 1888, då han fungerte som sjef for arbeidsdepartementet.

Han vart i 1876 utnemnd til riddar av St. Olavs Orden. Han var også innehavar av den svenske Nordstjerneordenen.

Sørenssen døydde på garden sin i Rygge i 1908.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske statsrådar 1884-1905 Kategori:Norske arbeidsministrar Kategori:Norske justisministrar Kategori:Venstrestatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar for Smaalenenes amt Kategori:Ordførarar i Rygge Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Nordstjerneordenen Kategori:Folk frå Rygge