Chilpancingo (offisielt namn Chilpancingo de los Bravo, òg kjend som Ciudad Bravo) er hovudstaden og den andre største byen i delstaten Guerrero i Mexico. Han har eit folketal på om lag 166 796 innbyggjarar i 2005. Arealet er 2 338,4 km². Byen vart grunnlagd i 1591.
Det var i Chilpancingo den meksikanske nasjonalkongressen møttest i 1813 for å drøfta Mexico si framtid som sjølvstendig stat.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Chilpancingo» frå , den 3. juli 2010.
Bakgrunnsstoff Ayuntamiento de Chilpancingo de los Bravo www.chilpancingo.gob.mx (spansk)
Kategori:Byar i Mexico Kategori:Guerrero