thumb|Norsk Oversetterforening held til i Garmanngården, Rådhusgata 7 i Oslo, eit av dei eldste husa i byen. Andre foreiningar med kontor i huset er Den norske forfatterforening, Norsk kritikerlag, Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere og Norske Dramatikeres Forbund. Norsk Oversetterforening (NO) er ein interesseorganisasjon for omsetjarar av skjønnlitteratur til norsk språk, skipa i 1948. Føremålet for foreininga er å fremje dei økonomiske og faglege interessene til omsetjarane, og styrke kvaliteten på skjønnlitterære omsetjingar. Kvart år honorerer foreininga den beste skjønnlitterære omsetjinga til norsk med Bastianprisen.
«Skjønnlitterær omsetjar» er ingen verna tittel. Relevant bakgrunn for yrket er språkstudium frå universitet eller høgskule og/eller lengre opphald i utlandet, kombinert med særs gode norsk- og ålmennkunnskapar.
Foreininga har i 2010 om lag 290 medlemar som kan omsetje frå om lag 48 språk.
Bakgrunnsstoff Heimesida til Norsk Oversetterforening
Sjå òg Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening Norsk audiovisuell oversetterforening Statsautoriserte translatørers forening Den norske Forfatterforening
Kategori:Litteratur Kategori:Skipingar i 1948 Kategori:Norske fagorganisasjonar