Adi Raïs Cobos Adrien M'Bolhi Ouhab, arabisk ارايس مبولحي () er ein fransk fotballspelar med kongolesisk far og algerisk mor, som hausten 2011 spela som keeper for CSKA Sofia i den bulgarske fotballigaen, på lån frå Krylja Sovetov i den russiske fotballigaen, og for det algeriske landslaget. Han vart kåra til årets keeper i den bulgarske ligaen i 2009. M'Bolhi spelte landskampar for Frankrike på U16- og U17-nivå. I mai 2010 vart han teken ut til Algerie sin tropp til fotball-VM i 2010, og han debuterte for Algerie sitt A-landslag 28. mai 2010 som innbytar i ein privatlandskamp mot Irland. Han slepte inn eitt mål på straffespark i den kampen. Den andre landskampen hans var gruppekampen mot England under VM i Sør-Afrika, der han heldt målet reint.

Kategori:Algeriske fotballspelarar Kategori:Franske fotballspelarar Kategori:Marseille-spelarar Kategori:Hearts-spelarar Kategori:Ethnikos Pireus-spelarar Kategori:Panetolikos-spelarar Kategori:Krylja Sovetov-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014