Ryad Boudebouz () er ein fransk-algerisk fotballspelar. Han har spelt på midtbanen for Sochaux i fransk Ligue 1. Han har òg landskampar for Algerie.

Boudebouz spelte for Frankrike sitt landslag på U17- og U19-nivå. I mai 2010 vart han teken ut i Algerie sin tropp til fotball-VM i 2010, og han debuterte for landslaget i ein treningskamp mot Irland 28. mai 2010.

Kategori:Algeriske fotballspelarar Kategori:Franske fotballspelarar Kategori:Sochaux-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010