Peter Petersen () var ein norsk bergmann og stortingsmann.

Petersen var fødd i Trondheim, der faren var snikkarmeister. Sjølv vart han student frå katedralskulen i byen i 1784. Deretter var han lektor ved ingeniørkorpset i København, samstundes som han studerte mineralogi. 1784-97 studerte han bergvitskap i Sverige, særleg i Falun og Stockholm, med stipend. Han vart i 1797 utnemnd til bergmeister og overtok straks etter styringa over jarnverka i Larvik grevskap. 1805-15 var han styrar av Fritzø jarnverk. Perioden 1817-24 budde Petersen i København.

På Stortinget 1827 og på overordentleg storting 1828 representerte Petersen Jarlsberg og Larviks amt. Han var i 1827 mellom anna medlem av komiteen om berg- og skogvesen, og komiteen om Larvik grevskap. I 1828 var han medlem av reglementskomiteen og av komiteen om bidrag til kabinettkassa.

Etter han kom heim til Noreg i 1824 budde Petersen vekselvis i Larvik og på gardar han eigde i Lardal. Han døydde ugift i Sandefjord i 1850.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold Kategori:Norske bergmenn Kategori:Folk frå Trondheim