John Collett Postumus Elieson () var ein norsk prokurator, embetsmann og stortingsmann. Han var son av Peter Elieson.
Elieson var fødd i Rygge i Østfold. Han vart student i 1828 og cand. jur. i 1832. Deretter var han tilsett i finansdepartementet frå 1834, og fungerte 1836-39 som sorenskrivar i Øvre Telemarks østfjellske distrikt. Frå 1839 til 1859 var han underrettsprokurator i Drammen. I denne perioden var han ordførar i byen i fleire år.
Elieson var stortingsrepresentant for Drammen 1845, 1848, 1854, 1857, 1858, 1859-60. I 1845 var han mellom anna sekretær i Odelstinget og i lovkomiteen. Både i 1848 og 1854 var han sekretær i Stortinget. I 1854 var han også formann i justiskomite nr 1. Han var president i Odelstinget 1857 og 1859-60, visepresident i 1858. Formann i protokollkomiteen i 1859-60.
I 1859 vart Elieson utnemnd til sorenskrivar i Toten. Dette embetet hadde han til døydde på Toten i 1876.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar for Drammen Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Folk frå Rygge