Gilberto Aparecido da Silva () er ein brasiliansk fotballspelar som i 2011 spela på midtbanen for Grêmio i den brasilianske fotballigaen, og for landslaget til Brasil.
Gilberto Silva spelte i seks sesongar, frå 2002 til 2008, for Arsenal i Premier League i England. Han vart seriemeister i England med Arsenal i 2004, og i Hellas med Panathinaikós i 2010. Han debuterte for Brasil sitt A-landslag 7. oktober 2001 i ein kamp mot Chile, og spelte alle kampane då Brasil vann verdsmeisterskapen i fotball i 2002.
Kategori:Brasilianske fotballspelarar Kategori:Arsenal-spelarar Kategori:Panathinaikos-spelarar