Bernt Tobias Bessesen () var ein norsk prest og stortingsmann.
Bessesen var frå Kristiansand, far hans var skipper. Sjølv vart han 1819 student frå Kristiansand skule, dei to neste åra var han huslærar hos Severin Løvenskiold i Fossum. I 1824 vart han cand. theol. og deretter eitt år styrar av Kongsberg skule. Sokneprest i Rennesøy 1826-39 og i Biri 1839-48. 1848-55 var han sokneprest i Nes i Akershus, og til sist, 1855-77 i Kvinnherad.
Bessesen var 3. representant for Stavanger amt på Stortinget i 1836 og på det overordentlege storting 1836-37. Han var medlem av justiskomiteen.
Han døydde i Kvinnherad i 1887.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff Arkiv etter familien Bessesen hjå Statsarkivet i Kristiansand
Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Kristiansand