Daniel Larsson Skjevik () var ein norsk gardbrukar og eidsvollsmann frå Beitstad i Nord-Trøndelag.

Skjevik var fødd i Solberg sokn i Beitstad, der far hans var gardbrukar. Sjølv tok han underoffisereksamen og vart sersjant, før han tok over farsgarden.

I 1814 var Skjevik utsending frå Første Trondhjemske Infanteri-Regiment saman med Georg Wasmuth til riksforsamlinga på Eidsvoll. Der høyrde han til sjølvstendepartiet.

Skjevik fekk Dannebrogordenens hederstegn i 1808.

Han døydde på garden sin i Solberg i 1833. I 1914 vart det reist eit minnesmerke over Skjevik og eidsvollsmannen Sivert Bratberg på Solberg gamle kyrkjegard.

Kjelder Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Biografi på Eidsvoll 1814

Steinkjerleksikonet Daniel Larsen Schevig frå Norsk biografisk leksikon

Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Steinkjer