thumb|Minnesmerke ved Stedje kyrkje i Sogndal Nils Johannesson Loftesnes () var ein soldat, gardbrukar og eidsvollsmann frå Sogndal.
I 1814 var Loftesnes musketer i sogndalske kompani. Kompaniet var ei avdeling av 2. bergenhusiske infanteriregiment, og Loftesnes vart om våren vald til å representere regimentet ved riksforsamlinga på Eidsvoll saman med kompanisjef Ole Elias Holck. Han høyrde der til sjølvstendepartiet.
Loftesnes tok over farsgarden i Sogndal og dreiv denne ei tid. Seinare kjøpte han ein annan gard i heimbygda og busette seg der. Der døydde han i 1848.
Kjelde Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff
Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Folk frå Sogndal Kategori:Norske gardbrukarar