Torghatten ASA (tidlegare Torghatten Trafikkselskap ASA) er eit transportkonsern som driftar bussar, ferjer og snøggbåtar i store delar av landet, særleg i Trøndelag og Nord-Noreg. Selskapet vart skipa i 1878 og hadde ved utgangen av 2004 driftsinntekter på over 1,2 milliardar kroner og 2358 tilsette. Hovudkontoret ligg i Brønnøysund, og har teke namnet sitt etter det vidgjetne fjellet Torghatten som ligg i Brønnøy kommune.

Dei største dotterselskapa til firmaet er Fosen Trafikklag, Bastø Fosen, FosenNamsos Sjø, Kystekspressen, Torghatten Trafikkselskap AS, TTS bil & dekksenter, Trønderbilene, Sørlandsruta, Norgesbuss (oppkjøpt i 2004) og Torghatten Nord AS (oppkjøpt frå Hurtigruten ASA i 2008.)

Kjelder

Denne artikkelen er omsett frå «Torghatten ASA» frå , den 3. mai 2010.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske reiarlag Kategori:Norske busselskap Kategori:Brønnøy kommune Kategori:Skipingar i 1878