Sándor Torghelle () er ein ungarsk fotballspelar, som i 2010/11-sesongen spela for Fortuna Düsseldorf i tysk 2. Bundesliga. Han har spelt for klubbar i England, Hellas, og Tyskland.
Torghelle kom med på det ungarske A-landslaget medan han spelte for MTK Budapest og vekte merksemd då han skåra begge måla då Ungarn slo Tyskland 2-0 i ein vennskapskamp 6. juni 2004. I 2004 drog han frå Ungarn til Crystal Palace i engelsk Premier League for om lag 750 000 pund. Han hadde problem med å koma med i startoppstillinga til Palace og skåra ingen seriemål i sesongen sin der. Palace rykte ned på slutten av sesongen, og Torghelle vart lånt ut til Panathinaikos for 2005/06-sesongen. Der skåra han heller ingen seriemål, og etter éin sesong gjekk han til PAOK i Thessaloníki. Etter eitt seriemål på éin sesong i PAOK gjekk han til Carl Zeiss Jena i 2. Bundesliga i Tyskland. Der begynte han å skåra mål, men då Jena rykte ned etter 2007/08-sesongen gjekk Torghelle vidare til Augsburg, også i 2. Bundesliga, og i 2010 til Fortuna Düsseldorf i same divisjonen.
Torghelle har også vore spiss for Ungarn sitt landslag.
Kjelder Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 3. mai 2010.
Kategori:Ungarske fotballspelarar Kategori:Crystal Palace-spelarar Kategori:Panathinaikos-spelarar Kategori:PAOK-spelarar Kategori:Carl Zeiss Jena-spelarar Kategori:Augsburg-spelarar Kategori:Fortuna Düsseldorf-spelarar