mini|David Oistrakh spelar ein fiolinkonsert, 1960 Fiolinkonsert (forkorting for konsert for fiolin og orkester) er ein solokonsert med fiolin som soloinstrumentet.
Sjangeren utvikla seg frå concerto grosso på byrjinga av 1700-talet og fekk eit heilt eige preg i wienerklassisismen.
Ein klassisk fiolinkonsert består tradisjonelt av tre satsar, hurtig-langsam-hurtig, der den første satsen plar å vere på sonatesatsform med to eksposisjonar - ein for solisten og ein for orkesteret og den siste er ein rondo. Ein klassisk konsert inneheld gjerne ein improvisert kadens for solisten sin bravuroppvisning. Seinare vart det vanleg å bruke utskrivne kadensar. Ein konsert frå seinare periodar kan òg ha friare form.
Fleire kjende komponistar skreiv verk i sjangeren, til dømes skreiv Antonio Vivaldi ei mengd fiolinkonsertar, med «Dei fire årstidene» som det mest kjente dømet. Mozart skreiv fem konserter, Beethoven, Brahms, Mendelssohn og Jean Sibelius skreiv ein kvar.
Utvald liste med fiolinkonsertar Konsertane her er av dei mest kjende i vestleg klassisk musikk.
Johann Sebastian Bach Fiolinkonsert i a-moll, BWV 1041 (1717–1723) Fiolinkonsert i E-dur, BWV 1042 (1717–1723) Dobbel fiolinkonsert i d-moll, BWV 1043 (1723) Fiolinkonsert i d-moll, BWV 1052 Fiolinkonsert for 3 fiolinar i D-dur, BWV 1064 Fiolinkonsert i g-moll, BWV 1056 Samuel Barber Fiolinkonsert, Op. 14 (1939) Béla Bartók Fiolinkonsert No. 1 (1908) Fiolinkonsert No. 2 (1938) Ludwig van Beethoven Fiolinkonsert i D-dur, Op. 61 (1806) Alban Berg Fiolinkonsert «To the memory of an angel» (1935) Johannes Brahms Fiolinkonsert i D-dur, Op. 77 (1878) Max Bruch Fiolinkonsert No. 1 i g-moll, Op. 26 (1867) Antonín Dvořák Fiolinkonsert i a-moll, Op. 53 (1879–1880) Alexander Glazunov Fiolinkonsert i a-moll, Op. 82 (1904) Felix Mendelssohn Fiolinkonsert i e-moll, Op. 64 (1844) Wolfgang Amadeus Mozart Fiolinkonsert No. 1 i H-dur, K. 207 (1773) Fiolinkonsert No. 2 i D-dur, K. 211 (1775) Fiolinkonsert No. 3 i G-dur, K. 216, Strassburg (1775) Fiolinkonsert No. 4 i D-dur, K. 218 (1775) Fiolinkonsert No. 5 i A-dur, K. 219, Tyrkisk (1775), med alternative Adagio i E, K.261 (lagt til 1776) Niccolò Paganini Fiolinkonsert No. 1 i D-dur, Op. 6, MS 21 (ca. 1811–17) Fiolinkonsert No. 2 i h-moll, Op. 7, MS 48, La Campanella (1826) Fiolinkonsert No. 3 i E-dur, MS 50 (ca. 1826–30) Sergei Prokofiev Fiolinkonsert No. 1 i D-dur, Op. 19 (1917) Fiolinkonsert No. 2 i g-moll, Op. 63 (1935) Robert Schumann Fiolinkonsert, WoO 23 (1853) Dmitri Sjostakovitsj Fiolinkonsert No. 1 i a-moll, Op. 77 (1948, rev. 1955 as Op. 99) Fiolinkonsert No. 2 i ciss-moll, Op. 129 (1967) Jean Sibelius Fiolinkonsert i d-moll, Op. 47 (1904) Pjotr Ilyitsj Tsjaikovskij Fiolinkonsert i D-dur, Op. 35 (1878) Antonio Vivaldi — mange, særleg: L'estro Armonico, Op. 3 (1711)—tolv konsertar La stravaganza, Op. 4 (ca. 1714) Dei fire årstidene (ca. 1725)—fire konsertar, dei fire første numra I Il cimento dell'armonia e dell'inventione, Op. 8 Konsert i a-moll
Kategori:Konsertstykke