Konsert for to fiolinar, strykarar og continuo i d-moll, BWV 1043, òg kjend som Dobbel fiolinkonsert, er kanskje eit av dei mest kjende verka til Johann Sebastian Bach og vert rekna som eit av dei beste musikkverka frå seinbarokken. Bach skreiv stykket mellom 1717 og 1723, medan han var Kapellmeister i Anhalt-Köthen.Steinberg, M. The Concerto: A Listener's Guide, s. 17-19, Oxford (1998) ISBN 0-19-513931-3 I 1739, i Leipzig, lagde han eit arrangement for to cembaloar, transponert til c-moll, BWV 1062. I tillegg til to solistar, er konserten instrumentert for strykarar og basso continuo.
Konserten er kjend for det lette, men likevel uttrykksfulle forholdet mellom fiolinane gjennom heile verket. Den musikalske strukturen av stykket nyttar ein imitasjon av ein fuge og mykje kontrapunkt.
Konserten består av tre satsar: Vivace Largo ma non tanto Allegro
I 1940 lagde George Balanchine ein ballett av denne musikken kalla Concerto Barocco.
Den første satsen av stykket finst i Woody Allen-filmen Hannah and her Sisters.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Double Violin Concerto (Bach)» frå , den 27. april 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Grove Music Online om J.S. Bach
Kategori:Konsertar av Johann Sebastian Bach Bach Dobbel fiolinkonsert
de:Violinkonzerte (Bach)#Doppelkonzert für zwei Violinen d-Moll BWV 1043