Oguchialu «Oguchi» Chijioke Onyewu () er ein amerikansk fotballspelar som spelar i forsvar for Sporting i den portugisiske toppdivisjonen, og for det amerikanske landslaget. I 2008 fekk han belgisk pass, og har etter dette dobbelt statsborgarskap.
Onyewu har nigerianske foreldre. Han spelte alle USA sine tre kampar under fotball-VM i 2006. Han er den tredje amerikanaren som har spelt i italiensk Serie A etter andre verdskrigen. I Milan fekk han berre éin kamp, i Meisterligaen, før han vart skada i ein landskamp mot Costa Rica i oktober 2009. Denne skaden sette han ut av spel i minst seks månader.Brownsville Herald, 31. mars 2010
Referansar
Kategori:Fotballspelarar frå USA Kategori:Metz-spelarar Kategori:La Louvière-spelarar Kategori:Standard Liège-spelarar Kategori:Newcastle-spelarar Kategori:Milan-spelarar Kategori:Twente-spelarar Kategori:Sporting-spelarar Kategori:Folk frå Washington, D.C.