Magnus Kristoffer Andersen (), fødd i Andøy kommune, var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet.

Magnus Andersen var statsråd i Fiskeridepartementet (fiskeriminister) i to periodar: 25. september 1963 - 12. oktober 1965 i Einar Gerhardsen si fjerde regjering 24. januar 1972 - 18. oktober 1972 i Trygve Bratteli si første regjering

Magnus Andersen arbeidde som fiskar fram til 1955, då han blei formann i Norges Fiskarlag. Han var formann i Fiskarlaget fram til 1963. I januar 1963 leia han som formann i Fiskarlaget ein landsomfattande streik., og vart så sjølv fiskeriminister i september same år. Einar Gerhardsen sa om Andersen: «Han var en dyktig, men stri fiskarlagsformann. Han ble en dyktig og noe mindre stri fiskeriminister».

Etter perioden som fiskeriminister 1963-1965 vart han vald inn på Stortinget for Nordland, og sat der i periodane 1965-1969 og 1969-1973. I den første perioden var han medlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen og nestformann i Sjøfarts- og fiskerikomiteen. I den andre perioden var han nestformann i Fullmaktskomiteen i tillegg til å sitje i dei same komiteane som i den første perioden.

Andersen sat også i ei lang rekkje utval, styre og nemnder gjennom ei lang politisk karriere. Han var blant anna styreformann for Postverket i perioden 1974 til 1982.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Magnus Andersen Omtale (med bilde) i Nordland fylkesleksikon. Nrk.no

Kategori:Norske fiskeriministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Gerhardsen IV Kategori:Statsrådar i Regjeringa Bratteli I Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Nordland Kategori:Folk frå Andøy