Meine Seel erhebt den Herren, BWV 10, er ein kantate av Johann Sebastian Bach.

Han vart skriven i Leipzig for Maria besøksdag og vart først framført den 2. juli 1724. Store delar av tekste er teken frå magnificaten, Lukasevangeliet 1:46-55 og melodien nytta i salmen som er tilknytt magnificaten.

Stykket er skriven for to oboar, trompet, strykarar (fiolinar, bratsjar og basso continuo), songsolistar og kor. Det består av sju satsar, i g-moll bortsett frå der anna er nemn:

Kor: «Meine Seel erhebt den Herren» - ei korutgåve av salmemelodien. Altane, tenorane og bassane syng frie kontrapunkt, medan sopranen syng salmemelodien reint med lange tonar. Om lag halvvegs ut i satsen, byter sopranane og altane roller. Arie: «Herr, der du stark und mächtig bist» - for sopran, oboar, strykarar og continuo (H-dur). Resitativ: «Des Höchsten Güt und Treu» - for tenor og continuo (g-moll modulert til d-moll). Arie: «Gewaltige stößt Gott vom Stuhl» - for basstemme og continuo (F-dur). Duet: «Er denket der Barmherzigkeit» - for alt, tenor, oboar, trompet og continuo (d-moll). Oboane og trompetane speler berre salmemelodien i lange tonar Resitativ: «Was Gott den Vätern alter Zeiten» - for tenor, strykarar og continuo. Koral: «Lob und Preis sei Gott dem Vater» - siste verset av koralen, sunge og spelt av heile ensemble.

Media Cantata 10 på youtube (Ton Koopman).

Bakgrunnsstoff

Songpartitur for stykket Tysk tekst med engelsk omsetjing Forskjellige kommentarar om stykket

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Meine Seel erhebt den Herren, BWV 10» frå , den 7. april 2010.

Kategori:Musikk i 1724