mini|Tutti-ventilen på eit pipeorgel. Tutti er eit italiensk ord som tyder 'alle' eller 'i saman'.
Som eit musikalsk uttrykk vert det nytta på forskjellig vis:
Det kan vise til ein orkesterpassasje der alle medlemmene i orkesteret (eller delar av eit orkester) spelar samstundes. I eit konsertstykke indikerer det delar for heile orkesteret, i motsetnad til delar for solistane. Det vert nytta på liknand vis i kormusikk, der heile seksjonar eller heile koret syng samstundes. Ein som orkestrerer eit stykke kan spesifisere at ein musikar i orkesteret skal spele aleine, medan resten av seksjonen er stille under soloen. Det står då skrive solo på partituret der soloen startar, og tutti der heile seksjonen starta å spele att. I orgelmusikk indikerer det fullt orgel: alle pipene vert opna. Dette vert stundom skrive på partitur som .
Sjå òg Solo Ripieno
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tutti» frå , den 7. april 2010. oppgav desse kjeldene: Apel, Willi, red., Harvard Dictionary of Music, Second Edition, Revised og Enlarged. The Belknap Press of Harvard University Press, Cambridge, Massachusetts, 1969. SBN 674375017
Kategori:Musikknotasjon Kategori:Musikkterminologi Kategori:Italienske ord og uttrykk