Hans Leo Hassler () var ein tysk komponist og organist i seinrenessansen og tidlegbarokken.

Han studerte med Andrea Gabrieli og arbeidde i Augsburg, Nürnberg og Dresden. Han omarbeidde protestantiske koralar («Psalmen und Christliche Gesänge», 1607, «Kirchengesänge», 1608) og skreiv motettar, messer, madrigalar, orgelverk og meir. Han har mellom anna komponert melodien til salmen «Nu hjertelig jeg lenges».

Stil

Hassler var ein av dei første som førte innovasjonane frå den venetianske stilen over Alpane til Tyskland. Gjennom songane sine førte Hassler villanellen, canzonettem og dansesongane til Gastoldi og Vecchi til Tyskland. Som den første store tyske komponisten som gjorde ei «italiensk reise» var påverknaden Hassler fekk ei av årsakene til den italienske dominansen over tysk musikk og årsaka til at tyske musikarar ofte gjorde ferdig utdanninga si i Italia.Bukofzer 1947, s.83. Musikarar som Lassus hadde arbeidd i Tyskland i årevis, men representerte den eldre skulen, prima pratica, den fullt utvikla og foredla renessansestilen polyfoni. I Italia dukka det opp nye trendar som var med på definere det som vart barokken. Musikarar som Hassler, og seinare Schütz, førte concertato-stilen, dei polykorale ideane og det frie kjenslemessige uttrykket frå venetianarane inn i tysk kultur, og skapte den første og viktigaste barokke utviklinga utanfor Italia.

Jamvel om Hassler var protestant skreiv han mange messer og dirigerte musikk for katolske tenester i Augsburg.Reese 1959, s.687. Då han var i teneste hos Octavian Fugger, tileigna Hassler både Cantiones sacrae og ei bok med messer for fire og åtte stemmer til han. Sidan det var behov for katolske vernarar og han hadde si eiga protestantiske tru, var musikkstilen hans ei blanding av begge religiøse musikkstilar som kunne nyttast i begge samanhengar.Fisher 2004, s.158. Derfor finn ein mange av verka til Hassler i både den romersk-katolske kyrkja og den lutherske kyrkja. I tida i Augsburg produserte Hassler berre to verk som var spesifikt meint for den lutherske kyrkja. Då han var tilsett i fristaden Nürnberg, skreiv han Psalmen simpliciter i 1608 og denne vart tileigna byen. Hassler komponerte òg Psalmen und christliche Gesange, mit vier Stimmen auf die Melodeien fugweis komponiert i 1607 og tileigna denne til kurfyrste Kristian II av Sachsen.Blume 1974, s.158. Stilmessig syner dei tidlege verka til Hassler at han var påverka av Lassus, medan dei seinare verka hans er markerte av inntrykka han fekk under studiane sine i Italia. Etter at han kom attende frå Italia, innlemma fleirkorteknikkar, teksturkontrastar og stundom kromatisisme i komposisjonane sine. Dei seinare messene hans er kjenneteikna av lette melodiar i lag med den yndige og flytande stilen frå dei madrigalske dansesongane. Slik skapte han ein sjarmerande religiøs stil som var meir klangfull enn djupsindig.Reese 1959, s.688. Dei verslege madrigalane, canzonettane og songane med vokal og ricercarane, canzonaene, introitane og toccataene blant instrumentalene, synte meir avanserte teknikkar enn Giovanni Gabrieli sine i Italia, men med ein meir tilbakehalden karakter og alltid merksam på det vakre i lyden. Den største suksessen til Hasler fekk han med å kombinere dei tyske og italienske komposisjonsteknikkane i liederane sine.Reese 1959, s.711. I 1590 gav Hassler ut den første publikasjonen sin, eit sett på 24, firedelte canzonettaer. Lustgarten neuer teutscher Gesang, Balletti Galliarden und Intraden, som inneheld 39 vokale og 11 instrumentale stykke, er den mest kjende av Hassler sine lieder-samlingar. I dette verket publiserte Hassler dansesamlingar for fire, fem eller seks strenge- eller blåseinstrument med stemmer og utan generalbass.Bukofzer 1947, s.112. Han komponerte òg Mein gmuth ist mir verwirret, eit femdelt stykke som seinare vart kombinert med tekst av Bernard av Clairvaux skriven på latinsk i 1153 (O Haupt voll Blut und Wunden) og nytta av Bach i hans Matteuspasjonen.Reese 1959, p.711.

I lag med mange av sine samtidige, prøvde Hassler å blande den italienske virtuose stilen med den tradisjonelle stilen som dominerte i Tyskland. Dette klarte han i den korale motetten ved å nytta ein grundig bass continuo og inkludere instrumental- og solo-ornamentering.Sargent 1963, s.43. Motettane til Hassler syner denne blandinga av det gamle og det nye på ein måte som syner påverknad frå både Lassus og dei to firedelte korstilane til Gabrieli.Sargent 1963, s.27.

Hassler vert rekna som ein av dei viktigaste tyske komponistane gjennom tidene. Han nytta innovative italienske teknikkar, blanda med tradisjonelle, konservative tyske teknikkar, slik at komposisjonane hans høyrdest nye ut, utan den moderne affekterte tonen.Bukofzer 1947, s. 98. Songane hans presenterte ein kombinert vokal og instrumental litteratur som ikkje brukte noko form for generalbass eller opna for høvet til å bruke denne og den religiøse musikke hans introduserte italienske fleirkorsstrukturar som seinare skulle påverke mange komponistar i barokken.

Verk

Canzonette (Nürnberg, 1590) Cantiones sacrae (Augsburg, 1591) Madrigals (Augsburg, 1596) Neüe teüsche Gesäng nach Art der welschen Madrigalien und Canzonetten (Augsburg, 1596) Masses (Nürnberg, 1599) Lustgarten neuer teutscher Gesäng (Nürnberg, 1601) Sacri concentus (Augsburg, 1601 og 1612) Psalmen und christliche Gesäng (Nürnberg, 1607)Blume 1957, s.158. Pslamen simpliciter (Nürnberg, 1608) Kirchengesäng (Nürnberg, 1608) Venusgarten (Nürnberg, 1615) (instrumentalmusikk) Litaney teütsch (Nürnberg, 1619)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hans Leo Hassler» frå , den 3. april 2010. oppgav desse kjeldene:

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tyske komponistar Kategori:Tyske organistar Kategori:Renessansekomponistar Kategori:Barokkomponistar