Riksmeklingsmannen er eit norsk statleg embete som har til oppgåve å mekle i interessetvistar mellom partane i arbeidslivet, det vil seie tvistar om oppretting eller revisjon av tariffavtalar. Den statlege meklingsordninga blei innført i Noreg frå 1.1.1916, då den første arbeidstvistlova av 1915 vart sett i verk. Embetet er i dag heimla i lov av 5. mai 1927 nr. 1 om arbeidstvister og ligg administrativt under Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Embetet skiftar namn til Riksmeklaren når den nye arbeidstvistlova trer i kraft.
Embetet blir leia av riksmeklingsmannen, som blir oppnemnt av Regjeringa for tre år i gongen. Vidare har embetet åtte faste kretsmeklingsmenn som hovudsakleg meklar i lokale tvistar.
Meklingsmennene skal varslast om einhver plassoppseiing. I tvistar skal dei prøve å kome fram til forslag som begge parter kan bli einige om.
Riksmeklingsmenn 1. januar 1916–1. mars 1920: J.M. Lund 1. mars 1920–1. januar 1921: Vilhelm Lie 15. februar 1921–8. desember 1922: P.I. Paulsen 8. desember 1922–31. desember 1930: Valentin Voss 1. januar 1931–31. desember 1945: Andreas Claussen 1. januar 1946–18. januar 1948: Paal Berg 1. april 1948–1. april 1954: Henrik Lundh 1. april 1954–31. desember 1964: Thoralf Evje 1. januar 1965–31. desember 1974: Preben Munthe 1. januar 1975–30. november 1981: Konrad B. Knutsen 15. januar 1982–15. januar 1988: Bjørn Haug 15. januar 1988–31. desember 2004: Reidar Webster 1. januar 2005–16. april 2009: Svein Longva 1. september 2009–31. august 2012: Kari Gjesteby
Bakgrunnsstoff Riksmekleren Lov om arbeidstvistar, Lovdata. Lov om offentlege tenestetvistar, Lovdata.
Kategori:Arbeidsrett Kategori:Norske statsetatar Kategori:Arbeidsliv i Noreg
Kategori:Skipingar i 1916