Baskisk grammatikk, eller grammatikken til baskisk, er mest kjend for å vere eit ergativt språk, noko som elles er ukjent i Vest-Europa.
Fonologi
Konsonantar
I tabellen nedanfor er dei baskiske konsonantane representerte med dei tilsvarande konsonantane i skriftspråket, baskisk har eit så godt skriftspråk at det er mogleg. Unntaka er forklarte nedanfor.
! Konsonantsystemet i baskisk |- ! !bilabialar !labiodentalar !dentalar/alveolarar !palatoalveolarar !palatalar !velarar |- ustemte lukkelydar p
t
tt k </tr> stemte lukkelydar b
d
dd g affrikatar
tz, ts tx ustemte frikativar
f z,s x
(j) nasalar m
n
-in- lateralar
l
-il- tremulantar
r, rr
halvvokalar
j
Dei baskiske frikativane er ustemte viss omgjevnadene ikkje får dei til å bli stemte, i intervokal posisjon.
Vokalar
Morfologi
Ergativspråk Baskisk er eit ergativspråk, dvs at det er eit spesielt kasus, ergativ, for subjektet av transitive verb, medan subjektet for intransitive verb kjem i absolutiv. Absolutiv fungerer samstundes som direkte objekt (akkusativ) for transitive verb. Ergativ vert markert i baskisk med suffikset /-(e)k/, medan absolutiv blir verande umarkert, då det er standardforma av substantiv.
Jon dator > Jon kjem (intransitiv, Jon i absolutiv) Jonek ardoa dakar > Jon tek med vin (ardo) (transitiv, Jon i ergativ, ardo i absolutiv) Oinak zerbitzatzen du eskua > Foten (oina) den serverte handa (eskua), eta eskuak oina > og handa foten.
Substantivbøyning Transnumeral, eintal og fleirtal Substantiva består av ei numerusfri grunnform (transnumeral), ei eintalsform og ei fleirtalsform. I absolutiv (sjå ovanfor) er formene slik:
NumeriFormOmsetjingTransnumeralkatukattEintalkatu-akattenFleirtalkatu-akkattane
Den numerusfrie grunnforma (transnumeral) vert òg kalla ubestemt form. Det dreier seg likevel ikkje om ei ubestemt form som i norsk (ein katt), men heller ei abstrakt tallaus form. Nemninga avgjort form for dei andre formene er heller ikkje heilt korrekt, men veldig vanleg. Nokre lingvistar brukar difor omgrepet individualisert form. Setninga Garfield katua då («Pusur er ein katt») viser tydeleg at det ikkje dreier seg om ei bestemd form.
Kasusbøying I baskisk vertkasus danna ved substantivendingar, som likevel ikkje må følgje direkte etter substantivet, men etter siste element i ei substantivgruppe. Bøyingsendingane er i «rein» form ved bøying i transnumeral. I eintal vert danna kasusa ved å leggje til markøren /-a(-)/, medan ein i fleirtal omgår endelsesinnledende /-r-/. Man har ikkje grammatisk kjønn i baskisk. Følgjande tabell gjev eit oversyn over regelmessig bøying i baskisk.
KasusTransnumeralEintalFleirtalTydingabsolutiv--a-ak(sjå ovanfor)ergativ-k-ak-ek(sjå ovanfor)dativ-ri-ari-eiforgenitiv-ren-aren-eineigeformbenefaktiv-rentzat-arentzat-entzattil fordel forkomitativ-rekin-arekin-ekinsaman medinstrumentalis-z, -taz-az-ezmellominessiv-tan-an-etani, vedallativ-tara-ra-etaratilablativ-tatik-tik-etatikav, gjennomseparativ-tako-ko-etakoav – sidan
Bøyinga av substantiv som sluttar på konsonantlyd skil seg ikkje veldig frå standardbøyinga; endingsinnleiande /-r-/ forsvinn i transnumeralformene, og /-e-/ vert tillagd føre einskilde endingar.
Personlege pronomen Bøyinga av personlege pronomen følgjer følgjande skjema:
Kasusho/hanegduviDudedei absolutiv hura ni hi gu zu zuek haiek ergativ hark nik hik guk zuk zuek haiek dativ hari niri hiri guri zuri zuei haiei genitiv haren nire hire gure zure zuen haien benefaktiv harentzat niretzat hiretzat guretzat zuretzat zuentzat haientzat komitativ harekin nirekin hirekin gurekin zurekin zuekin haiekin instrumental hartaz nitaz hitaz gutaz zutaz zuetaz haietaz
Nominalfraser Kasusendingane i nominalfrasar vert berre lagt til siste element i gruppa. Dei andre elementa vert ikkje bøygd. Attributive adjektiv står saman med tilhøyrande substantiv. Bat («ein») fungerer som ubestemt artikkel, og står i slutten av nominalfrasen.
BaskiskNorskasto txuri bateit kvitt (txuri) esel (asto)katu beltz batengatikpå grunn av ein svart (beltz) katt (katu)etxe ederradet fine (eidar) huset (etxe)gure ahuntz politakvåre (gure) fine (polit) geiter (ahuntz)zahagi berrietani dei nye (berri) slangane (zahagi)
Verbalbøying Substantivbøyinga i baskisk er ganske klår, trass i dei mange kasusa; verbalbøyinga er likevel berykta for sine mange ulike og kompliserte former. Grammatikarar på 1700-talet fann ikkje mindre enn 30 952 ulike former av eitt enkelt verb. Dette er fordi finitte verb i baskisk ikkje berre inneheld referansar til kven som utfører handlinga (som er vanleg i indoeuropeiske språk, som til dømes tysk: ich liebe, du liebst, er liebt og så vidare), men òg til direkte og indirekte objekt for handlinga, og av og til han som svarer.
Her ein nokon former av verbet ukan «å ha» i presens (3sg = 3. person eintal, og så vidare).
BaskiskOmsetjingSubjektDirekte objektIndirekte objektduhan har han3sg3sg -gaituhan har oss3sg1pl -zaituguvi har deg1pl2sg -dioteg har det for det1sg3sg3sgdizuteg har det for deg1sg3sg2sgdizkizuteg har dei for deg1sg3pl3sgdizkigutedei har dei for oss3pl3pl1pl
Ein gjenkjenner umiddelbart kva for former denne markeringa av verbalformene høyrer til. Ein oversiktleg representasjon av paradigmet måtte ha vore tredimensjonal.
Enkel bøying Baskisk skil mellom ein såkalla enkel (eller syntetisk) bøying, med former som kjem direkte frå verbet (som i den norske presenssetninga «han elskar»), og ein samansett (analytisk) bøying med hjelpeverb (til dømes den norske perfektumsetninga «han har elska»).
Den enkle bøyinga gjeld berre for nokre få, vanlege verb. Verb som brukar denne bøyinga er izan «vere», ukan «ha», egon «vere», etorri «kome», joan «gå (målretta)», ibili «gå omkring», eduki «ha, halde», jakin «vita» og esan «si». I skriftleg baskisk er det òg nokre andre verb som bøye si enkelt, som ekarri «bringe», erabili «bruke», eraman «bere», etzan «liggje» og iraun «vare». Delen enkle verb var større tidlegare, og tekstar frå det 16. århundret inneheld rundt 50 slike verb. I dag vert dei brukte i opphøgt språk. Alle andre verb vert bøygde ved hjelp av hjelpeverb. Enkel bøying inneheld i dag berre to tider – presens og preteritum, og dessutan ei imperativsform.
Døme: Presens av verbet ekarri «bringe», med nokre ulike variantar av subjekt, direkte og indirekte objekt (3sg = 3. person eintal, og så vidare):
BaskiskOmsetjingSubjektDirekte objektIndirekte objektdakarteg bringar det1sg3sg -dakarkdu bringar det2sg3sg -dakarhan bringar det3sg3sg -dakartedei bringar det3pl3sg -dakartzahan bringar dei3sg3pl -nakarhan bringar meg3sg1sg -hakarhan bringar deg2sg2sg -dakarkiotedei bringar det til han3pl3sg3sgdakarzkiotedei bringar dei til han3pl3pl3sg
Ein fullstendig tabell over presens av det mykje brukte hjelpeverbet ukan «ha» med fast direkte objekt i tredje person, «det», og variable dativ-objekt vert slik:
SubjektPerson i indirekte objekt utan1sg2sg3sg1pl2pl3pl1sgdut-dizutdiot-dizuetdia2sgduzudidazu-diozudiguzu-diezu3sgduditdizudiodigudizuedie1pldugu-dizugudiogu-dizuegudiegu2plduzuedidazue-diozuediguzue-diezue3pldutedidatedizutediotedigutedizuetedia
Til dømes tyder diguzue «dei har det for oss» (subjekt 2pl, indirekte objekt 1pl, direkte objekt 3sg «det»). Dei korrekte formene for eit direkte objekt i 3. person fleirtal vert danna ved å setje inn /-zki-/ etter den første stavinga /di-/, til dømes dizkiot «eg har dei for det», medan diot er «eg har det for han».
Refleksive former (til dømes «eg har meg») finst ikkje i dette skjemaet, og må formast ved omskrivingar.
Samansett bøying Alle ikkje-enkle verb vert bøygde ved hjelp av samansett bøying, og vert forma ved ei av stammeformene til verbet saman med ei form av eitt av hjelpeverba izan, ukan, edin eller ezan. Dei ulike stammeformene er stammen av verbet sjølv, perfektum partisipp, futurum partisipp og gerundium (eigenleg eit verbalsubstantiv i inessiv). Ukan og ezan vert brukt med transitive verb, izan og edin med intransitive. Vidare detaljar finst her; sjå litteraturliste.
Talord Baskisk brukar eit tjuetalssystem. Til dømes er 40 = 2 x 20, 60 = 3 x 20, 80 = 4 x 20 og 90= 4 x 20 + 10. Ein finn restar av dette systemet i fransk og bretonsk. Dansk brukar òg tradisjonelt eit tjuetalssystem.
Bi og sei kjem tydeleg frå indoeuropeiske språk, medan dei andre elementa er unike for baskisk.
1bat 11hamaika 10hamar2bi12hamabi20hogei3hiru13hamahiru30hogeita hamar4lau14hamalau40berrogei5bost15hamabost50berrogeita hamar6sei16hamasei60hirurogei7zazpi17hamazazpi70hirurogeita hamar8zortzi18hemezortzi80laurogei9bederatzi19hemeretzi90laurogeita hamar10hamar20hogei100ehun
Ordforråd, lånord Baskisk har halde på sjølvstendet sitt ikkje berre i bøyingsverket, men òg i ordforrådet, trass i over 2 500 år med press frå andre språk på fleire sider. Ikkje desto mindre har det teke opp mange lånord i løpet av historia, spesielt frå latin og romanske språk. Nokre døme er:
errege < latin rex, regi sin «konge» lege < latin lex, legis «løyve» eliza < latin ecclesia «kyrkje» liburu < latin liber, vulgærlatin librum «bok» dorre < spansk torre «tårn» bakte < latin pax, pracis «fred» gaztelu < latin castellum «slott» katu < latin cattus «katt»
Nokre andre lånord stammar frå keltiske språk, som til dømes:
adar < keltisk adarc «horn» hartz < keltisk art «bær»
Trass i at baskisk inneheld mange høve for avleiing av ord til nye namn på ting, kjem det stadig ord inn frå engelsk og romanske språk. Det har vore veldig få ord som har gått frå baskisk og til omkringliggande romanske språk, men mange stad- og familienamn i Spania og Latin-Amerika har baskiske røter (til dømes Bolívar, Echeverría og Guevara). Moglege baskiske lånord i romanske språk er:
spansk izquierdo (venstre) frå baskisk ezkerra fransk bizarre (bisarr) frå baskisk bizar (bart)
Litteratur
Agirre Berezibar, J.M. (1991). Euskal gramatika deskriptiboa. Bilbao: Labayru Ikastegia. Allières, Jacques (1979). Manuel pratique de basque. Paris: Picard. Altube, S. (1929/1975). Erderismos. Bilbao. Goenaga, Patxi (1980). Gramatika bideetan (second edition). Donostia: Erein. Hualde, José Ignacio & Ortiz de Urbina, Jon, eds. (2003). A grammar of Basque. Berlin: Mouton de Gruyter, 2003. ISBN 3-11-017683-1. King, Alan R. (1994). The Basque language: A practical introduction. University of Nevada Press. ISBN 0-87417-155-5. King, Alan R. & Olaizola Elordi, Begotxu (1996). Colloquial Basque: A complete language course. London and New York: Routledge. ISBN 0-415-12109-4. Lafitte, Pierre (1944/1979). Grammaire basque: navarro-labourdin littéraire. Donostia: Elkar. Saltarelli, M. (1988). Basque. London: Croom Helm. Trask, R, Larry (1996). The history of Basque. London and New York: Routledge. ISBN 0-415-13116-2.
Kjelder
kategori:Baskisk språk Kategori:Grammatikk for einskildspråk